Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 101

:
Norwegian - NO2011NN
1 Av David. Ein salme. Eg vil syngja om miskunn og rett, HERRE, for deg vil eg syngja og spela.
2 Eg vil læra meg den fullkomne vegen. Når vil du koma til meg? Med heilt hjarte vil eg vandra i mitt hus.
3 Vondskap vil eg ikkje ha for auge, urett hatar eg, slikt held eg meg borte frå.
4 Svikefullt hjarte skal vika frå meg. Eg vil ikkje vita av det vonde.
5 Den som baktalar sin neste, vil eg gjera ende på. Stolte auge og eit hovmodig hjarte kan eg ikkje tola.
6 Auga mine ser til dei trufaste i landet, dei får bu hos meg. Den som går den fullkomne vegen, skal tena meg.
7 Den som fer med svik, får ikkje bu i mitt hus. Den som talar løgn, kan ikkje bli ståande for mine auge.
8 Kvar morgon gjer eg ende dei urettferdige i landet. Alle som gjer urett, ryddar eg ut av HERRENS by.