1Ein takkesalme. Rop med jubel for HERREN, all jorda!
2Ten HERREN med glede, kom fram for han med jubel!
3Kjenn at HERREN er Gud! Han har skapt oss, vi er hans, vi er hans folk og den flokken han gjeter.
4Kom gjennom portane hans med takkesong, inn i føregardane med lovsong! Lov han, velsign hans namn!
5HERREN er god, evig er hans miskunn, hans truskap varer frå slekt til slekt.