Proverbs 9NO2011NN

1Visdomen har bygd seg hus og hogge til sine sju søyler.

2Ho har slakta fe og blanda vin, og ho har dekt på bordet.

3Ho har sendt tenestejentene ut, ho ropar oppe frå høgdene i byen:

4«Du som er urøynd, vend deg hit!» Til den vitlause seier ho:

5«Kom og et av maten min og drikk av vinen eg har blanda.

6Lat vitløysa fara, så skal de leva, gå fram på den vegen forstanden viser!»

7Den som åtvarar ein spottar, får skam, den som går i rette med ein urettferdig, lid skade.

8Gå ikkje i rette med spottaren, då hatar han deg, gå i rette med den vise, så elskar han deg.

9Gjev til den vise, så blir han visare, lær den rettferdige, så aukar han sin lærdom.

10Å frykta HERREN er opphav til visdom, å ha den kunnskap dei heilage har, er forstand.

11Ved meg skal dine dagar bli mange, og du får fleire leveår.

12Er du vis, blir din visdom til nytte for deg, spottar du, må du lida for det sjølv.

13Dårskapen er ei rastlaus kvinne, vitlaus er ho og forstår ikkje noko.

14Ho sit utfor husdøra si, har sitt sete høgt oppe i byen.

15Ho ropar til alle som går forbi, dei som går beint fram på vegen:

16«Du som er urøynd, vend deg hit!» Til den vitlause seier ho:

17«Stole vatn smakar godt, herleg er maten ein et i løynd.»

18Men han skjønar ikkje at det er daudingar der, at gjestene hennar er frå djupaste dødsriket.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.