Proverbs 8NO2011NN

1Høyr, Visdomen ropar, forstanden lyfter si røyst.

2Visdomen stiller seg på toppen av høgdene, ved vegen, der stigane møtest.

3Ved portane inn til byen, der folk går inn, ropar ho høgt:

4Eg ropar til dykk, de menn, mi røyst når ut til menneska.

5Lær dykk klokskap, de urøynde, få forstand i hjartet, de dårar!

6Høyr, eg talar om det som er edelt, frå leppene mine kjem ærlege ord.

7Tunga mi talar sanning, og leppene avskyr urett.

8Kvart ord frå min munn talar om rettferd, dei er ikkje svikefulle og falske.

9Dei er gode for den som forstår, og rette for den som finn kunnskap.

10Ta imot mi formaning heller enn sølv og kunnskap framfor utvalt gull.

11For Visdomen er betre enn perler, av alle skattar er ingen som ho.

12Eg, Visdomen, bur i lag med klokskap; kunnskap og omtanke finst hos meg.

13Å frykta HERREN er å hata det vonde. Eg hatar hovmod og stormod, den vonde vegen og all svikefull tale.

14Meg høyrer råd og klokskap til, innsikt er eg, og styrke har eg.

15Ved meg herskar kongar, og fyrstar fastset kva som er rett.

16Ved meg rår fyrstar og stormenn, alle som styrer rettferdig.

17Eg elskar dei som elskar meg, og dei som leitar, finn meg.

18Hos meg er velstand og prakt, rettferd og varig rikdom.

19Mi frukt er betre enn det finaste gull, den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sølv.

20Eg går på rettferds veg, held meg på dei rette stigar.

21Eg gjev rikdom i eige til dei som elskar meg, og fyller skattkammera deira.

22HERREN bar meg fram som sitt første verk, før hans gjerningar i fjerne tider.

23Frå eldgammal tid vart eg forma, i opphavet, før jorda vart til.

24Eg vart fødd då djupa ikkje fanst og dei vassrike kjeldene ikkje var til.

25Før fjella vart sette på plass, før høgdene vart eg fødd.

26Han hadde enno ikkje laga jorda og marka og dei første støvkorn på landjorda.

27Eg var der då han grunnfeste himmelen og rissa opp himmelranda over djupet,

28då han gav kraft til skyene der oppe og kjeldene i djupet fekk styrke,

29då han sette grense for havet så vatnet stansa der han baud, då han rissa opp grunnvollane under jorda.

30Eg var byggmeister hos han. Eg var til glede for han dag etter dag og leika meg støtt for hans andlet.

31Eg leika på hans vide jord og gledde meg med menneska.

32Så høyr no på meg, born! Sæle er dei som følgjer mine vegar.

33Høyr på formaninga og bli vise, forakt henne ikkje!

34Sælt er det mennesket som høyrer på meg, som dagleg vaker ved dørene mine og held vakt ved portane mine.

35For den som finn meg, finn livet og vinn velvilje hos HERREN.

36Men den som ikkje finn meg, skader si sjel. Alle som hatar meg, elskar døden.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.