Proverbs 10NO2011NN

1Ordtak frå Salomo. Ein klok son er til glede for far sin, men ein tåpeleg son er mor si til sorg.

2Skattar vunne med urett er til inga nytte, men rettferd bergar frå døden.

3HERREN lèt ikkje den rettferdige svelta, men seier nei når dei urettferdige krev.

4Lat hand gjer fattig, men flittige hender gjer rik.

5Den forstandige samlar medan det er sommar, skam får den som søv når det er tid for å hausta.

6Over hovudet på den rettferdige kjem velsigning, men munnen til urettferdige løyner vald.

7Minnet om den rettferdige blir til velsigning, men ryktet til urettferdige rotnar bort.

8Den som er vis i hjartet, tek boda til seg, men den som har dumskap på leppene, går til grunne.

9Trygt går den som er heil i si ferd, men den som går krokvegar, blir avslørt.

10Den som sender hånlege blikk, valdar smerte, men den som har dumskap på leppene, går til grunne.

11Den rettferdiges munn er ei kjelde til liv, men munnen til urettferdige løyner vald.

12Hat vekkjer strid, men kjærleik løyner alle synder.

13På leppene til den kloke er visdom å finna, men stokken skal råka ryggen til den vitlause.

14Dei vise samlar på kunnskap; når den dumme talar, er ulukka nær.

15Rikmanns gods er hans faste borg, fattigdom er til ulukke for småkårsfolk.

16Løna til den rettferdige gjev liv, det den urettferdige tener, fører til synd.

17Å akta på formaninga er ein veg til liv, å forakta tilrettevising fører vill.

18Den som løyner hat, har lygande lepper, ein dåre er den som fer med slarv.

19Der det er mange ord, er det ingen mangel på synd, forstandig er den som tøymer tunga.

20Den rettferdiges tunge er som utsøkt sølv, hjartet til dei urettferdige er lite verdt.

21Den rettferdiges lepper rettleier mange, dumme døyr, for dei har ikkje vit.

22Det er HERRENS velsigning som gjer rik, eige strev legg ingenting til.

23Skamlaus gjerning er til lyst for dåren, visdom er til lyst for den vituge.

24Det den urettferdige er redd for, kjem over han, men dei rettferdige får det dei lengtar etter.

25Når stormen fer forbi, blir den urettferdige borte, men den rettferdige har ein grunnvoll som varer.

26Som eddik for tennene og røyk for auga er den late for den som set han i arbeid.

27Å frykta HERREN forlengjer livet, men dei urettferdige får færre år.

28Dei rettferdige har glede i vente, men det dei urettferdige har som håp, blir borte.

29HERRENS veg er eit vern for den som er heil i si ferd, men til ulukke for dei som gjer urett.

30Den rettferdige skal aldri vakla, men urettferdige får ikkje bu i landet.

31Den rettferdiges munn ber visdom som frukt, men svikefull tunge skal skjerast av.

32Den rettferdiges lepper veit kva som kan gleda, munnen til urettferdige skjønar seg på svik.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.