Proverbs 11NO2011NN

1HERREN avskyr falsk vekt, men han gler seg over fullvektig lodd.

2Kjem hovmod, kjem skam, med dei audmjuke følgjer visdom.

3Rettsinn leier dei ærlege, uærlegdom gjer ende på svikarane.

4Rikdom er til inga nytte på vreidedagen, men rettferd bergar frå døden.

5Rettferd jamnar vegen for den som er heil, den urettferdige fell for sin eigen urett.

6Rettferd bergar dei rettskafne, svikarar blir fanga av si eiga lyst.

7Når den urettferdige døyr, er håpet ute, hans kraft gjev ikkje lenger von.

8Den rettferdige blir berga or naud, den urettferdige blir råka i staden.

9Den gudlause bryt ned sin neste med tunga, dei rettferdige bergar seg ved sin forstand.

10Går det godt for dei rettferdige, jublar byen, går dei urettferdige til grunne, lyder glederop.

11Ved velsigning frå rettskafne blir byen bygd, tunga til urettferdige legg han i røys.

12Den vitlause viser forakt for sin neste, den forstandige teier stilt.

13Den som baktalar, spreier løyndomar, ein påliteleg held saka skjult.

14Utan leiarar vil folket falla. Redninga ligg i å ha mange rådgjevarar.

15Ille går det den som kausjonerer for ein framand, den som nektar å gje handslag, er trygg.

16Ei elskeleg kvinne vinn ære, dei flittige vinn rikdom.

17Den som er godhjarta, har gagn av det, den hjartelause skader seg sjølv.

18Den urettferdige vinn seg ei sviktande løn, men den som sår rettferd, ei løn som varer.

19Rettferd fører til liv, den som jagar etter vondskap, må døy.

20HERREN avskyr eit falskt hjarte, han gler seg over dei som er heile i si ferd.

21Når tida er inne, blir den vonde straffa, men ætta til dei rettferdige går fri.

22Ei vakker kvinne utan vit er som ein gullring i eit grisetryne.

23Dei rettferdige lengtar berre etter det gode, dei urettferdige har vreide i vente.

24Éin strør ut og får likevel meir, ein annan er gjerrig og endar i fattigdom.

25Den gåvmilde får gode dagar, den som auser ut til andre, får rikeleg tilbake.

26Den som held på kornet sitt, blir forbanna av folket; velsigning får den som vil selja.

27Den som legg vinn på det gode, søkjer det som er til glede. Den som strevar etter det vonde, får det over seg sjølv.

28Den som lit på sin rikdom, fell, dei rettferdige veks fram som lauvet.

29Den som ikkje steller sitt hus, haustar vind, den dumme blir slave for den som er vis.

30Den rettferdiges frukt er eit livsens tre, men valdsferd tek liv.

31Når den rettferdige får si løn på jorda, kor mykje meir då ein urettferdig og ein syndar!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.