Proverbs 12NO2011NN

1Den som elskar formaning, elskar kunnskap, dum er den som hatar tilrettevising.

2Den som er god, vinn velvilje hos HERREN, den som legg vonde planar, blir dømd skuldig.

3Med urett kan ingen stå støtt, rota til dei rettferdige kan ingen rikka.

4Dugande kvinne er ei krone for mannen, duglaus kone er som verk i knoklane.

5Dei rettferdige tenkjer på det som er rett, dei urettferdige legg svikefulle planar.

6Dei urettferdige talar og ligg på lur etter blod, tunga bergar dei rettskafne.

7Dei urettferdige blir kasta i koll og kjem bort, husa til dei rettferdige står.

8Ein mann får ros etter sitt vit, den som tenkjer vrangt, blir forakta.

9Betre å vera lite vørd og ha ein tenar enn å spela storkar og mangla mat.

10Den rettferdige har omsorg for buskapen sin, dei urettferdige er utan hjartelag.

11Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett, vitlaus er den som jagar etter fåfengde ting.

12Den urettferdige vil setja vonde snarer, rota til dei rettferdige skal stå fast.

13Svikefulle lepper blir ei felle for den vonde, den rettferdige slepp ut or nauda.

14Kvar og ein nyt godt av det munnen ber fram, eit menneske får att for det som det har gjort.

15Den dumme held sin veg for å vera den rette, vis er den som høyrer på råd.

16Den dumme viser det straks når han er sint, klok er den som teier når han blir krenkt.

17Den som vitnar sant, talar rett, falske vitne fer med svik.

18Tankelaus tale stikk som sverd, men vismenn har lækjedom på tunga.

19Lepper som talar sant, står seg for alltid, ei tunge som lyg, berre ei lita stund.

20Dei som tenkjer ut vondt, har svik i hjartet, glede får dei som rår til fred.

21Ikkje noko vondt skal ramma den rettferdige, dei urettferdige får ulukke i fullt mål.

22HERREN avskyr lygande lepper, men gler seg over dei som viser truskap.

23Den kløktige skjuler sin kunnskap, dårane ropar dumskapen ut.

24Flittig hand får herska, latskap leier til slavekår.

25Uro i hjartet tyngjer mannen, eit godt ord gjer han glad.

26Den rettferdige slepp unna det vonde, men vegen dei urettferdige går, fører vill.

27Den late får ikkje steikt sin mat, den flittige får rike skattar.

28På rettferds stig er livet å finna, den vegen fører ikkje til døden.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.