Proverbs 13NO2011NN

1Ein son blir vis av fars formaning, spottaren høyrer ikkje på åtvaring.

2Av munnens frukt kan ein nyta godt, men svikarar hungrar etter vald.

3Den som aktar sine lepper, tek vare på livet, den som er stor i munnen, skader seg sjølv.

4Den late får ikkje det han trår etter, men flittige får i overflod.

5Den rettferdige hatar usann tale, den urettferdige handlar skammeleg og frekt.

6Rettferd vernar den som er heil i si ferd, men urett fører ein syndar til fall.

7Éin spelar rik, men har ingen ting, ein annan ter seg fattig, men eig mykje.

8Somme kan kjøpa seg fri med rikdom, men den fattige blir ikkje utsett for trugsmål.

9Lyset til dei rettferdige skin klårt, men lampa til dei urettferdige sloknar.

10Hovmod fører berre til trette, vise er dei som tek imot råd.

11Lettvunnen rikdom minkar snart, den som samlar jamt og trutt, får mykje.

12Langvarig venting gjer hjartet sjukt, eit oppfylt ønske er eit livsens tre.

13Den som foraktar ordet, går det ille, den som har age for bodet, får løn.

14Den vises lære er ei kjelde til liv slik at ein vender seg bort frå dødens snarer.

15Godt vit vinn velvilje, svikarars ferd er alltid den same.

16Den kløktige fer fram med vit, dåren lèt alle sjå at han er dum.

17Ein upåliteleg bodberar fell i ulukke, eit trufast sendebod kjem med lækjedom.

18Fattigdom og skam får den som ikkje tek imot formaning. Den som lèt seg visa til rette, får ære.

19Eit oppfylt ønske gjer sjela godt, dårar avskyr å venda seg bort frå det vonde.

20Den som ferdast med dei vise, blir vis, men den som held lag med dårar, går det ille.

21Ulukke forfølgjer syndarar, dei rettferdige får det gode til løn.

22Den gode lèt etter seg arv til barneborn, det syndaren eig, blir spart til den rettferdige.

23Fattigfolks nybrot gjev rikeleg føde, men alt går tapt når uretten rår.

24Den som sparer på riset, hatar son sin, den som elskar, formanar han seint og tidleg.

25Den rettferdige får eta seg mett, men urettferdige må gå med magen tom.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.