Proverbs 14NO2011NN

1Den vise kvinna byggjer huset, den dumme riv det ned med eigne hender.

2Den som går rett fram, fryktar HERREN, den som går krokvegar, foraktar han.

3I den dummes munn skyt hovmod fram, men for dei vise er leppene eit vern.

4Utan oksar er krubba tom, men med sterke stutar følgjer stor avling.

5Eit ærleg vitne lyg ikkje, men falske vitne fer med løgn.

6Ein spottar søkjer visdom, men finn han ikkje, for den som er klok, er det lett å få kunnskap.

7Hald deg borte frå dåren, du får ikkje kunnskap frå leppene hans.

8Den klokes visdom er å kjenna sin veg, dårars dårskap er å narra seg sjølve.

9Dei dumme talar hånleg om skuld, hos dei rettskafne rår velvilje.

10Hjartet kjenner si eiga sorg, ingen framand er med det i gleda.

11Dei urettferdige får huset lagt øyde, men det blømer i teltet til dei rettskafne.

12Ein veg som synest vera den rette, kan likevel enda i døden.

13Jamvel når ein ler, kan hjartet lida og gleda enda med sorg.

14Den trulause blir mett av si eiga ferd og den gode av sine gjerningar.

15Den truskuldige trur alt som blir sagt, den kløktige gjev akt på sine steg.

16Den vise fryktar det vonde og vender seg bort frå det, dåren er overmodig og sjølvsikker.

17Den som er bråsint, gjer dumme ting, den som legg vonde planar, blir hata.

18Dei truskuldige arvar dårskap, dei kløktige blir krona med kunnskap.

19Dei vonde må bøya seg for dei gode og dei urettferdige ved portane til dei rettferdige.

20Jamvel av sin neste blir den fattige hata, mange er dei som elskar den rike.

21Synd gjer den som foraktar sin neste, sæl er den som viser medynk med dei fattige.

22Dei som tenkjer ut vondt, fer alltid vill, dei som har godt i tankar, møter miskunn og truskap.

23Alt strev fører vinning med seg, tomt snakk gjev berre tap.

24Rikdom kronar dei vise, dårars dårskap er og blir dårskap.

25Eit ærleg vitne bergar liv, den som fer med løgn, er ein svikar.

26Å frykta HERREN er eit trygt vern, der kan borna òg søkja tilflukt.

27Å frykta HERREN er ei kjelde til liv slik at ein vender seg bort frå dødens snarer.

28Å ha mykje folk er til heider for kongen, mangel på folk gjer at fyrsten fell.

29Den som er sein til vreide, har stor innsikt, den bråsinte viser kor dum han er.

30Eit friskt hjarte gjev kroppen liv, sjalusi er som verk i knoklane.

31Den som undertrykkjer den svake, håner hans skapar, den som hjelper den fattige, ærar Gud.

32Den urettferdige fell for sin eigen vondskap, jamvel i døden finn den rettferdige tilflukt.

33I hjartet til den kloke slår Visdomen seg ned, men blant dårar er ho ukjend.

34Rettferd lyfter eit folkeslag, men synd er ei skam for folka.

35Ein forstandig tenar vinn velvilje hos kongen, ein duglaus blir råka av harmen hans.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.