Proverbs 15NO2011NN

1Eit mildt svar døyver sinne, sårande ord vekkjer harme.

2Vises tunge gjev god kunnskap, men dårskap strøymer frå dårars munn.

3HERRENS auge er alle stader, dei vaker over vonde og gode.

4Ei lækjande tunge er eit livsens tre, ei falsk tunge knuser livsmotet.

5Den dumme foraktar formaning frå far sin, klok er den som lèt seg visa til rette.

6Den rettferdiges hus rommar stor rikdom; det den urettferdige vinn, fører til ulukke.

7Vises lepper strør ut kunnskap, det gjer ikkje dårens hjarte.

8HERREN avskyr offer frå urettferdige, bøn frå dei rettskafne har han glede i.

9HERREN avskyr vegen til den urettferdige, men elskar den som jagar etter rettferd.

10Streng straff får den som går bort frå stigen, den som hatar tilrettevising, skal døy.

11Dødsrike og avgrunn ligg opne for HERREN, kor mykje meir då menneskehjartet.

12Spottaren mislikar å bli vist til rette, han går ikkje til dei vise.

13Glede i hjartet gjer andletet venleg, sorg i hjartet gjer motlaus.

14Eit klokt hjarte søkjer kunnskap, men dårens munn lever av dårskap.

15For ein fattig er alle dagar vonde, den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.

16Betre å ha lite og frykta HERREN enn å ha stor rikdom med uro attåt.

17Betre er ein grønsakrett med kjærleik enn oksesteik med hat attåt.

18Den som er sint, valdar trette, den som er sein til vreide, får striden til å stilna.

19For den late er vegen som klungerkratt, for dei rettskafne er stigen ein rydda veg.

20Ein klok son er til glede for far sin, ein tåpeleg mann foraktar mor si.

21Den vitlause har glede av dårskap, den forstandige held rett kurs.

22Utan rådlegging mislukkast planane, når mange gjev råd, skal dei lukkast.

23Glad blir den som kan gje svar. Kor godt med eit ord i rette tid!

24For den forstandige fører livsvegen oppover, slik slepp han unna dødsriket der nede.

25HERREN riv huset ned for dei hovmodige, men for enkjer lèt han grensesteinen stå.

26HERREN avskyr tankane til den vonde, men venlege ord er reine.

27Den som jaktar på vinning, set huset over styr, den som nektar å la seg kjøpa, skal leva.

28Den rettferdige tenkjer før han talar, men vondskap strøymer frå munnen på urettferdige.

29HERREN er langt borte frå dei urettferdige, men han høyrer bøna frå dei rettferdige.

30Strålande auge gleder hjartet, god bodskap gjev merg i bein.

31Den som høyrer på rettleiing om livet, får plass blant dei vise.

32Den som ikkje tek imot formaning, foraktar seg sjølv, den som lèt seg visa til rette, kjøper seg innsikt.

33Frykt for HERREN oppdreg til visdom, å vera audmjuk er vegen til ære.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.