Proverbs 16NO2011NN

1Menneskehjartet legg sine planar, men svaret på tunga kjem frå HERREN.

2Ein mann kan synast at hans ferd er rein, men HERREN prøver tankane.

3Legg alt du gjer, i HERRENS hand, så skal planane dine lukkast.

4HERREN skapte alt for eit føremål, jamvel den urettferdige for ulukkedagen.

5HERREN avskyr den som har eit hovmodig hjarte, når tida er inne, blir han straffa.

6Med miskunn og truskap blir skuld sona, den som fryktar HERREN, vender seg bort frå det vonde.

7Den som går vegar som gleder HERREN, får fred jamvel med fiendane sine.

8Betre å ha lite med rettferd enn å få stor vinning med urett.

9I hjartet tenkjer mannen ut sin veg, men det er HERREN som styrer stega hans.

10På kongens lepper er rette svar, han sviktar ikkje når han dømmer.

11Rett vekt og vektskål er HERRENS sak, kvart vektlodd i pungen er hans verk.

12Kongar avskyr lovlaus gjerning, for ved rettferd skal trona tryggjast.

13Ærlege lepper er til glede for kongen, han elskar den som talar rett.

14Kongens harme ber bod om død, men ein vis kan stilla harmen.

15Når kongens andlet lyser, er livet berga. Hans velvilje er som ei sky med vårregn.

16Å kjøpa visdom er betre enn gull, å kjøpa innsikt er meir verdt enn sølv.

17Vegen for dei rettskafne er å venda seg bort frå det vonde, den som aktar på si ferd, tek vare på livet.

18Stormod kjem føre samanbrot, hovmod føre fall.

19Betre å vera audmjuk med dei fattige enn å dela bytte med dei stolte.

20Den som handlar forstandig, skal finna det gode, sæl er den som lit på HERREN.

21Klok kallar dei den som har visdom i hjartet, veltalande tunge gjev større lærdom.

22Den som har vit, har ei kjelde til liv, det er dumt å formana den dumme.

23Hjartet til den vise gjer munnen hans klok, legg meir og meir lærdom på leppene hans.

24Venlege ord er drypande honning, søte for sjela og sunne for kroppen.

25Ein veg som synest vera den rette, kan likevel enda i døden.

26Svolten får arbeidaren til å slita, hungeren driv han fram.

27Eit vondsinna menneske grev opp vondskap, på leppene hans brenn det som eld.

28Ein som er svikefull, valdar trette, den som baktalar andre, skil ven frå ven.

29Valdsmannen lokkar sin neste og fører han inn på ein veg som ikkje er god.

30Han knip att auga, pønskar på svik; han pressar leppene saman og set det vonde i verk.

31Grått hår er ei fager krone, på rettferds veg er ho å finna.

32Betre å vera sein til vreide enn å vera krigshelt, betre å styra sitt sinn enn å ta ein by.

33Dei rister terningen i fanget, korleis han fell, avgjer HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.