1Betre er ein tørr brødbit i ro og fred enn huset fullt av festmat og krangel.
2Ein forstandig slave blir herre over ein duglaus son og får del i arven med brørne hans.
3Sølv prøver ein i digelen og gull i smelteomnen, men HERREN prøver hjarta.
4Den som gjer vondt, lyttar til vonde tunger, løgnaren høyrer på skadeleg snakk.
5Den som spottar den fattige, håner hans skapar, den som gleder seg over ulukke, slepp ikkje straff.
6Barneborn er ei krone for dei gamle, og borna er stolte av fedrane sine.
7Å bruka store ord sømer seg ikkje for ein dåre, løgn endå mindre for ein stormann.
8Den som gjev stikkpengar, trur han har ein lukkestein, kvar han vender seg, går det han godt.
9Den som dekkjer over eit feilsteg, legg vinn på venskap, den som ber det vidare, skil ven frå ven.
10Åtvaring bit betre på den kloke enn hundre slag på dåren.
11Den som er vond, søkjer berre opprør, men eit nådelaust sendebod kjem imot han.
12Det er betre å møta ei binne som har mista ungane sine, enn å møta ein dåre i hans dårskap.
13Løner nokon godt med vondt, vik ulukka aldri frå huset hans.
14Den som byrjar ein krangel, opnar for ein flaum. Hald opp før tretta bryt laus!
15Å frikjenna ein skuldig og å dømma ein som har rett — HERREN avskyr begge delar.
16Kva hjelper pengar i handa på dåren? Kan han kjøpa visdom når han ikkje har vit?
17Ein ven viser alltid kjærleik, ein bror er fødd til å hjelpa i naud.
18Vitlaus er den som gjev handslag og kausjonerer for nesten sin.
19Den som likar trette, likar synd; den som gjer døra høg, søkjer samanbrot.
20Eit falskt hjarte finn ikkje det gode, ei svikefull tunge fører i ulukke.
21Sorg får den som har ein dåre til son, far til ein narr har inga glede.
22Glede i hjartet gjev god helse, mismot tærer på kroppen.
23Den urettferdige tek imot gåver frå lomma for å vrengja rettens veg.
24Den kloke har visdom for auge, dårars blikk flakkar til enden av jorda.
25Ein uvitug son gjer far sin sint, er til beisk sorg for henne som fødde han.
26Det er gale å gje ein rettferdig bøter, verre å slå stormenn fordi dei er rettskafne.
27Klok er den som sparer på orda, den forstandige held hovudet kaldt.
28Sjølv den dumme blir rekna for vis når han teier, og klok så lenge han held munn.