Proverbs 18NO2011NN

1Ein einstøing følgjer si eiga lyst, glefser mot alle kloke råd.

2Dåren bryr seg ikkje om innsikt, han vil berre visa kva han tenkjer sjølv.

3Kjem ein urettferdig, kjem forakt, og med skam følgjer spott.

4Ein manns ord er som djupt vatn, og visdomens kjelde er ein bekk som vell fram.

5Det er gale å halda med ein urettferdig og driva den rettferdige bort frå retten.

6Dårens lepper valdar strid, munnen hans ropar etter riset.

7Dårens munn blir hans undergang, leppene blir ei snare for han.

8Ord frå ein baktalar er som lekre retter, dei glid ned i magen.

9Den som forsømer arbeidet sitt, er bror til den som øydelegg.

10HERRENS namn er eit festningstårn, dit spring den rettferdige og finn vern.

11Rikmanns gods er hans faste borg, i hans tanke er det som ein vernande mur.

12Før mannen fell, er han stolt i hjartet, føre ære går audmjukt sinn.

13Den som svarar før han høyrer, er dum og haustar skam.

14Motet held eit menneske oppe i sjukdom, men mismot, kven kan bera det?

15Eit klokt hjarte kjøper seg kunnskap, vismenns øyre søkjer kunnskap.

16Gåver opnar dører og gjev tilgang til dei store.

17Den som talar først i ei sak, får rett, til motparten kjem og spør han ut.

18Loddkasting gjer ende på tretter og avgjer strid mellom mektige.

19Ein krenkt bror er ein festningsby; krangel er som bommen på ein borgport.

20Magen nyt godt av det munnen ber fram, leppene ber frukt som mettar.

21Tunga har makt over død og liv, dei som gjerne bruker henne, får smaka frukta.

22Den som finn ei kone, finn lukka; han har vunne velvilje hos HERREN.

23Den fattige kjem med bøn om nåde, den rike svarar med harde ord.

24Det finst vener som skader kvarandre, men ein sann ven er meir trufast enn ein bror.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.