1Betre å vera fattig og heil i si ferd enn å vera ein dåre med falske lepper.
2Iver utan kunnskap er av det vonde, den som har hastverk, trør feil.
3Eigen dårskap fører mennesket til fall, men hjartet rasar mot HERREN.
4Rikdom skaffar mange vener, den fattige mistar den venen han har.
5Falske vitne slepp ikkje straff, dei som fer med løgn, går ikkje fri.
6Mange smiskar for storfolk, alle er vener med den som gjev gåver.
7Den fattige er forakta av alle sine slektningar, jamvel venene hans held seg unna. Han vil vinna dei med ord, men dei kjem ikkje.
8Den som vinn seg innsikt, har livet kjært, den som tek vare på forstand, finn det gode.
9Falske vitne slepp ikkje straff, dei som fer med løgn, går til grunne.
10Det høver ikkje for dåren å leva i overflod, endå mindre for slaven å rå over fyrstar.
11Forstand gjer mennesket sein til vreide, det set si ære i å bera over med feilsteg.
12Kongens sinne er som løvebrøl, hans velvilje er som dogg over graset.
13Ein uvitug son er ei ulukke for far sin, kvinnetrette er som stadig takdrop.
14Hus og eigedom er arv frå fedrane, ei forstandig kone er ei gåve frå HERREN.
15Latskap dyssar i søvn, den som er makeleg, må svelta.
16Den som tek vare på bodet, tek vare på livet, den som ikkje bryr seg om kor han går, må døy.
17Den som hjelper den fattige, låner til HERREN, som vil løna han for det han har gjort.
18Ver streng mot son din, for det er enno håp, men bli ikkje så ivrig at du tek livet av han.
19Den som lèt harmen ta makta, må bera straffa; vil du berga han, må du gjera det igjen og igjen.
20Høyr på råd og ta imot formaning, så blir du vis til slutt.
21Det er mange tankar i menneskehjartet, men det er HERRENS vilje som skjer.
22Truskap er det ein ønskjer av eit menneske; betre å vera fattig enn ein løgnar.
23Å frykta HERREN gjev liv. Mett kan ein gå til nattekvile og vera trygg for det vonde.
24Den late stikk handa i fatet, men får henne ikkje opp til munnen eingong.
25Slå spottaren, så blir den vitlause klok, vis den vituge til rette, så får han større forstand.
26Den som plyndrar far sin, kastar ut mor si. Slik ein son gjev spott og skam.
27Hald opp med å høyra på formaning, son min, om du vil vika frå kunnskapens ord.
28Eit vondsinna vitne spottar retten, munnen til lovlause sluker vondskap.
29Straff er fastsett for dei som spottar, og pryl for ryggen på dårar.