1Vinen er ein spottar, sterk drikk er ein skrålhals, vitlaus er den som ravar i rus.
2Når kongen trugar, er det som løvebrøl, den som gjer han sint, set livet på spel.
3Å halda seg frå trette er ei ære for mannen, den som er dum, yppar til strid.
4Den late vil ikkje pløya om hausten, han ventar avling, men får inga.
5Som djupt vatn er tankane i menneskehjartet, den som har vit, kan ausa av dei.
6Mange ropar om sin eigen truskap, men kvar finst den ein kan lita på?
7Den rettferdige er heil i si ferd, heldige er borna etter han.
8Ein konge som sit i dommarsetet, skil ut alt vondt med sitt blikk.
9Kven kan seia: «Eg har halde hjartet reint, eg er reinsa for synd»?
10To slag vekt og to slag mål, HERREN avskyr dei begge.
11Jamvel ein ung gut viser i handling om det han gjer, er reint og rett.
12Øyret som høyrer, og auget som ser, HERREN har skapt dei begge.
13Elsk ikkje søvnen, for då blir du fattig, lat opp auga og et deg mett.
14«Berre skrap», seier kjøparen, men når han går bort, er han fornøgd med seg sjølv.
15Det finst gull og perler i mengd, men klok tale er eit sjeldsynt smykke.
16Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand, ta dei i pant for dei ukjende!
17Brød frå løgn smakar godt, men sidan fyllest munnen med grus.
18Om ein held råd, lukkast planane. Legg planar før du fører krig!
19Den som baktalar, røper det hemmelege, hald ikkje lag med den som er lausmunna!
20Den som forbannar far sin og mor si, hans lampe skal slokna når mørkret kjem.
21Ein arv som ein riv til seg for tidleg, gjev inga velsigning til slutt.
22Sei ikkje: «Eg vil gjengjelda det vonde.» Vent på HERREN, så hjelper han deg!
23HERREN avskyr to slag lodd, falsk vekt er ikkje av det gode.
24Det er HERREN som styrer mannens steg. Korleis kan mennesket skjøna sin veg?
25Det er ei snare for mennesket å gje heilage lovnader før ein har tenkt seg om.
26Den vise kongen skil ut dei urettferdige og lèt hjulet rulla over dei.
27Ånda hos mennesket er ei HERRENS lampe, ho ransakar alle rom i hans indre.
28Miskunn og truskap er eit vern om kongen, han stør si trone på miskunn.
29Styrke er ein prydnad for dei unge og grått hår ei ære for dei gamle.
30Sviande sår reinsar bort det vonde, slag reinsar dei inste rom.