Proverbs 21NO2011NN

1Kongens hjarte er rennande vatn i HERRENS hand; han leier det dit han vil.

2Ein mann kan synast at all hans ferd er rett, men HERREN prøver hjarta.

3Å gjera det som er rett og rettferdig, er meir verdt for HERREN enn offer.

4Stolte auge og hovmodig hjarte — lyset til dei urettferdige er synd.

5Det den flittige planlegg, gjev vinning, men hastverk fører berre til tap.

6Å skaffa seg skattar ved ei tunge som lyg, er ein flyktig pust hos dei som søkjer døden.

7Lovlause blir drivne bort av si eiga valdsferd, for dei nektar å gjera det som er rett.

8Skuldtyngd mann går krokete vegar, den som er rein, handlar rett.

9Betre å bu i ein krok på taket enn å vera i hus med trettekjær kvinne.

10Den lovlause har lyst til det vonde, han viser ingen nåde mot sin neste.

11Når ein spottar får straff, blir den vitlause klok, når ein vis får lærdom, tek han kunnskapen til seg.

12Den rettferdige legg merke til den lovlauses hus; han støyter dei urettferdige ut i ulukke.

13Den som stengjer sitt øyre når den fattige skrik, skal sjølv ropa utan å få svar.

14Ei gåve i løyndom mildnar vreide, stikkpengar i lomma stiller stor harme.

15At ein gjer det rette, er ei glede for den rettferdige, men ei gru for dei som gjer urett.

16Den som villar seg bort frå klokskaps veg, hamnar blant daudingar.

17Den som elskar fest, blir fattig, den som elskar vin og olje, blir aldri rik.

18Den urettferdige er løysepenge for den rettferdige og svikaren for dei rettskafne.

19Betre å bu i ørkenlandet enn med ei sint og trettekjær kvinne.

20Dyre skattar og olje finst der den vise bur, dåren sløser bort alt.

21Den som jagar etter rettferd og godleik, finn liv og rettferd og ære.

22Ein klok mann kan storma ein by full av heltar og bryta byens sikre vern.

23Den som aktar sin munn og si tunge, bergar sitt liv frå trengsler.

24Den frekke og stolte skal kallast ein spottar, hovmodig og frekt fer han fram.

25Det den late ønskjer, fører til død, for han vil ikkje arbeida med hendene.

26Han ønskjer og ønskjer dagen lang, men den rettferdige gjev og sparer ikkje.

27Avskyeleg er offer frå urettferdige, og endå meir når dei ber det fram med vondt i tankar.

28Eit falskt vitne går til grunne, men den som høyrer etter, vil alltid få ordet.

29Den urettferdige går med frekk mine, den rettskafne er stø i si ferd.

30Ingen visdom, inga innsikt eller råd kan stå seg framfor HERREN.

31Hesten blir gjord klar til stridens dag, men det er HERREN som gjev siger.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.