1Godt namn er meir verdt enn stor rikdom, respekt er betre enn sølv og gull.
2Rik og fattig møtest, HERREN har skapt dei begge.
3Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg, dei vitlause går på og får si straff.
4Å vera audmjuk og frykta HERREN gjev rikdom, ære og liv.
5På vegen dei svikefulle går, er tornar og snarer, den som vil ta vare på livet, held seg borte frå dei.
6Lær den unge vegen han skal gå, så vik han ikkje av når han blir gammal.
7Den rike er herre over dei fattige, den som låner, blir slave under långjevaren.
8Den som sår urett, haustar vondskap, riset han bruker i sinne, blir øydelagt.
9Den som har auge for å gjera godt, blir velsigna, for han deler sitt brød med den fattige.
10Jag spottaren ut, så går krangelen med, strid og skam får ein ende.
11Den som elskar eit reint hjarte og har milde ord på leppene, får kongen til ven.
12HERRENS auge vaker over kunnskapen, men svikarens ord gjer han til inkjes.
13Den late seier: «Det er ei løve der ute, eg kunne bli drepen midt på torget!»
14Munnen til framand kvinne er ei djup grav, den HERREN er harm på, fell nedi.
15Dumskap høyrer ungdomen til, riset kan oppdra og driva dumskapen bort.
16Den som undertrykkjer fattige for sjølv å bli rik, og den som gjev gåver til rike, lid berre tap.
17Legg øyret til og høyr orda frå dei vise, legg deg på hjartet den kunnskapen eg gjev.
18Det er godt å ta vare på dei i sitt indre og alltid ha dei på leppene.
19For deg kunngjer eg dei i dag, så du kan setja di lit til HERREN.
20Ja, eg har skrive opp tretti ordtak for deg med kloke råd
21for å læra deg sanne og pålitelege ord, så du kan gje pålitelege svar til dei som har sendt deg.
22Ran ikkje den fattige fordi han er fattig, knus ikkje den hjelpelause i retten!
23For HERREN vil føra saka for dei og røva livet frå røvarane.
24Ver ikkje ven med den hissige, slå ikkje lag med den bråsinte,
25så du ikkje lærer deg hans vegar og set ei snare for ditt liv.
26Ver ikkje blant dei som gjev sitt handslag og stiller kausjon for gjeld.
27Om du ikkje har noko å betala med, tek dei endåtil senga du ligg på.
28Flytt ikkje gamle grensesteinar som fedrane dine har reist.
29Ser du ein mann som er dugande i sitt arbeid? Han kan ta teneste hos kongar og skal ikkje tena hos småkårsfolk.