Proverbs 4NO2011NN

1Høyr etter, born, når far formanar, lytt, så de vinn forstand!

2God er den lærdomen eg gjev dykk. Forkast ikkje mi rettleiing!

3Då eg var barn heime hos far, ein sart liten gut, den einaste hos mor,

4då lærte han meg: «Hjartet ditt skal halda fast ved mitt ord, hald boda mine, så skal du leva!

5Kjøp deg visdom, kjøp deg innsikt! Gløym ikkje orda frå min munn, snu deg ikkje frå dei.

6Forlat ikkje Visdomen, så vaktar ho deg, elsk henne, så vernar ho deg.

7Visdom er viktigast. Kjøp deg visdom, kjøp deg innsikt med alt du eig!

8Set henne høgt, så lyfter ho deg. Ta henne i famn, så gjev ho deg ære.

9Ho set ein vakker krans på hovudet ditt og gjev deg ei strålande krone.»

10Høyr etter, son, ta imot mine ord, så blir dine leveår mange.

11Visdoms veg lærer eg deg og fører deg på dei rette stigar.

12Når du går, skal ingenting hindra foten, når du spring, skal du aldri snubla.

13Hald fast ved formaninga, slepp henne ikkje, ta vare på henne, for ho er ditt liv.

14På stigen åt urettferdige må du ikkje gå inn, følg ikkje vegen dei vonde går!

15Sky han og hald deg unna, vend deg frå han og gå utanom!

16Dei urettferdige får ikkje sova om dei ikkje har gjort noko vondt. Har dei ikkje ført nokon til fall, blir dei liggjande søvnlause.

17Urett er brødet dei et, vald er vinen dei drikk.

18Men dei rettferdiges stig er lik morgonròden, som veks og klårnar mot høglys dag.

19Vegen åt urettferdige er som kolmørkret; dei veit ikkje kva dei kan snubla i.

20Son min, lytt når eg talar, vend øyret til mine ord!

21Slepp dei aldri av syne, gøym dei djupt i hjartet!

22Dei er liv for den som finn dei, og gjev helse til heile kroppen.

23Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.

24Lat aldri munnen tala falske ord, hald leppene borte frå svik!

25Lat auga dine sjå beint fram, fest blikket på det som ligg framføre!

26Gjer stigen jamn der foten skal gå, då blir alle dine vegar trygge.

27Vik ikkje av til høgre eller venstre, hald foten din borte frå det vonde!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.