Proverbs 3NO2011NN

1Son min, gløym ikkje mi rettleiing, ta vare på mine bod i hjartet!

2For dei vil gje deg mange år og eit langt liv og overflod av fred.

3Lat aldri godleik og truskap fara! Bind dei om halsen, skriv dei på hjartetavla!

4Då får Gud og menneske velvilje for deg og ser ditt gode vit.

5Lit på HERREN av heile ditt hjarte, støtt deg ikkje på eiga innsikt.

6Ha han i tankar kvar du ferdast, så gjer han stigane dine jamne.

7Ver ikkje vis i eigne auge, frykt HERREN og vend deg bort frå det vonde!

8Det blir til helse for kroppen, ein styrkedrikk for merg og bein.

9Æra HERREN med det du eig, med førstegrøda av all di avling.

10Då blir di matbu rikeleg fylt, pressekummane renn over av ny vin.

11Son min, forakt ikkje HERRENS formaning, mist ikkje motet når han refsar.

12For den HERREN elskar, refsar han, slik ein far gjer med ein son han har kjær.

13Sæl er den som finn Visdomen og vinn seg forstand!

14For meir er ho verd enn sølv, ho gjev større vinning enn gull.

15Ho er meir verdfull enn perler, av alle dine skattar er ingen som henne.

16Langt liv held ho i si høgre hand, i si venstre rikdom og ære.

17På vegane hennar er det herleg å fara, alle hennar stigar fører til fred.

18Eit livsens tre er ho for dei som held fast ved henne, lukkelege er dei som støttar seg til henne.

19Med visdom grunnla HERREN jorda, han grunnfeste himmelen med forstand.

20Ved kunnskapen hans vart djupa opna, og skyene lét dogg drypa.

21Son min, ta vare på klokskap og omtanke, slepp dei ikkje av syne!

22Dei skal vera til liv for deg, ei vakker kjede om halsen.

23Då kan du vandra trygt på din veg og ikkje støyta foten mot noko.

24Du er ikkje redd når du går til ro, og når du har lagt deg, søv du så godt.

25Du blir ikkje redd for uventa fare når øydelegginga kjem for dei urettferdige.

26For HERREN skal vera ved di side, han skal vakta foten din for snara.

27Når det står i di makt å gjera det gode, skal du ikkje halda det tilbake frå den som har rett på det.

28Om du har noko, sei ikkje då til din neste: «Kom att, i morgon skal du få!»

29Legg ikkje vonde planar mot din neste, som trur det er trygt å vera grannen din.

30Trett ikkje med nokon utan grunn når han ikkje har gjort deg vondt.

31Misunn ikkje ein valdsmann! Hans vegar må du aldri velja.

32For HERREN avskyr den som er falsk, men talar fortruleg med dei rettskafne.

33HERREN forbannar huset til dei urettferdige, men heimen til dei rettferdige velsignar han.

34Spottarar svarar han med spott, men dei audmjuke gjev han nåde.

35Dei vise arvar ære, men dårar må bera si skam.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.