1Son min, om du tek imot orda mine og gøymer boda mine hos deg
2så ditt øyre lyttar til visdom og du opnar hjartet for forstand,
3ja, om du kallar på innsikt og ropar høgt etter forstand,
4om du søkjer etter han som var det sølv, leitar som etter ein skatt,
5då skal du læra å frykta HERREN, finna ut kva det er å kjenna Gud.
6For det er HERREN som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og forstand.
7Han samlar opp klokskap til dei rettskafne, er eit skjold for den som er heil i si ferd.
8Han vernar rettens stigar og vaktar vegen hans trugne går.
9Då skal du skjøna ærlegdom, rettferd og rett, alle gode vegar.
10Visdom skal koma inn i hjartet ditt, kunnskap skal gjera deg glad,
11omtanke skal vakta deg, forstand verna deg
12og berga deg frå vegen åt dei vonde, dei som vrengjer og vrid på alt dei seier,
13frå dei som forlèt dei rette stigane og går på mørke vegar.
14Dei gleder seg når dei gjer noko vondt, jublar over det som er vondt og vrangt.
15Krokete er stigane deira, dei går på ville vegar.
16Visdomen skal fria deg frå ei anna kvinne, ei framand kvinne med glatte ord,
17ho som har svike sin ungdoms ven og gløymt pakta med sin Gud.
18Huset hennar søkk ned i døden, til daudingar ber hennar vegar.
19Dei som går inn til henne, vender aldri attende, dei når ikkje fram til livsens stigar.
20Difor skal du gå der dei gode ferdast, og halda deg på stigar dei rettferdige går.
21For dei rettskafne skal bu i landet, den som er heil, skal få vera der.
22Men dei urettferdige skal ryddast ut frå landet og svikarane rivast bort.