Proverbs 5NO2011NN

1Son min, gjev akt på min visdom, vend øyret til mi innsikt,

2så du tek vare på omtanke og leppene held på kunnskap.

3Honning dryp frå leppene til ei framand kvinne, sleipare enn olje er munnen hennar.

4Men ettersmaken blir beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd.

5Føtene hennar stig ned i døden, beint til dødsriket går hennar steg.

6Ho banar seg ikkje ein veg som gjev liv, ho vinglar vegvill, men veit det ikkje.

7Og no, høyr på meg, mine søner, vik ikkje av frå dei orda eg talar!

8Lat vegen din vera langt frå henne, kom ikkje nær til hennar dør!

9Elles må du gje di kraft til andre, dine år til ein nådelaus herre.

10Andre får metta seg av det du eig, det du vann med ditt strev, går til framand manns hus.

11Så må du stønna når slutten kjem, når din kropp og ditt kjøt tærest bort

12og du må seia: «Korleis kunne eg hata formaning og hjartet mitt forakta ord som viste til rette!

13Eg høyrde ikkje på dei som rettleidde meg, og lytta ikkje til lærarane mine.

14Det var nesten gått meg ille, og det framfor heile forsamlinga!»

15Drikk vatn av din eigen brønn, det som flyt frå di eiga kjelde!

16Skulle kjeldene dine renna ut som rennande vatn på torga?

17Dei skal vera berre for deg og ikkje delast med framande.

18Velsigna vere di eiga kjelde! Gled deg over din ungdoms kvinne,

19ei lysten hind, ei smidig fjellgeit. Drikk deg alltid utørst ved hennar bryst, lat hennar kjærleik stadig gjera deg ør!

20Kvifor, min son, bli ør av ei anna kvinne, kvifor ta framand kvinne i famn?

21For HERRENS auge ser kvar mannen går, og gjer alle hans stigar jamne.

22Den urettferdige blir fanga av si eiga skuld, syndene held han fast som reip.

23Han døyr fordi han ikkje lét seg formana, i sin store dumskap fer han vill.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.