Proverbs 30NO2011NN

1Ord av Agur, son til Jake. Til lærdom. Slik lyder mannens ord: Gud, eg er trøytt, Gud, eg er trøytt, eg greier ikkje meir.

2Eg er dummare enn andre menn, eg har ikkje forstand som eit menneske.

3Eg har ikkje lært visdom så eg kunne få del i kunnskapen til dei heilage.

4Kven steig opp til himmelen og steig ned att? Kven samla vinden i si hole hand? Kven lukka vatnet inne i kappa si? Kven fastsette alle grensene for jorda? Kva heiter han, og kva heiter son hans? Veit du det?

5Kvart ord frå Gud er reinsa. Han er eit skjold for dei som tek si tilflukt til han.

6Legg ikkje noko til hans ord, elles går han i rette med deg og du står der som løgnar.

7To ting vil eg be deg om, nekt meg dei ikkje så lenge eg lever:

8Hald løgn og svik langt borte frå meg! Gjer meg korkje fattig eller rik, men lat meg få den maten eg treng!

9Elles kunne eg bli så mett at eg fornekta deg og spurde: «Kven er HERREN?» eller bli så fattig at eg stal og krenkte namnet til min Gud.

10Baktal ikkje ein slave for herren hans, elles vil han forbanna deg, og du må bøta for di skuld.

11Det finst ei slekt som forbannar far sin og ikkje velsignar mor si,

12ei slekt som er rein i eigne auge, men ikkje har vaska skiten av seg,

13ei slekt med så stolte auge og lyfte augnebryn,

14ei slekt med tenner som sverd og gap som knivar, dei vil eta dei hjelpelause ut av landet og dei fattige ut av folket.

15Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev». Det finst tre som ikkje blir mette, fire som aldri seier «det er nok»:

16dødsriket og det lukka morslivet, jorda, som alltid tørstar etter vatn, og elden, som aldri seier: «Det er nok.»

17Eit auge som spottar far sin og nektar å lyda mor si, det skal ramnane ved bekken hakka ut og ørnungane eta opp.

18Tre ting er for underfulle for meg, og fire skjønar eg ikkje:

19ørns veg over himmelen, orms veg over berget, skips veg over havet og manns veg til ei ung kvinne.

20Slik gjer ei utru kvinne: Ho et og tørkar seg om munnen og seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»

21Tre ting får jorda til å skjelva, og fire kan ho ikkje tola:

22ein tenar som blir konge, og ein dåre som får mat i overflod,

23ei forakta kvinne som blir gift, og ei slavekvinne som trengjer husfrua si unna.

24Fire små er det på jorda, endå er dei visast av dei vise:

25Mauren er ikkje noko sterkt folk, endå legg han seg opp føde om sommaren.

26Fjellgrevlingen er ikkje noko mektig folk, endå byggjer han seg bustad i berget.

27Grashoppene har ingen konge, endå rykkjer dei fram i formasjon.

28Firfisla kan ein fanga med hendene, endå bur ho i kongens slott.

29Tre går med stolte steg, fire har ei vakker gonge:

30løva, kjempa mellom dyra, som ikkje vik for nokon,

31hanen som briskar seg, bukken først i flokken og kongen i spissen for sin hær.

32Har du vore dum og gjort deg stor eller tenkt på det, så legg handa på munnen!

33For trykk på mjølka gjev smør, trykk på nasen gjev blod, trykk på vreiden gjev strid.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 30.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.