1Den som ofte blir tala til rette og endå er stivnakka, blir brått knust og kan ikkje lækjast.
2Når dei rettferdige blir mange, gleder folket seg, når ein urettferdig herskar, sukkar folket.
3Den som elskar visdom, gleder far sin, den som held lag med horer, øyder det han eig.
4Ein konge byggjer opp landet med rett, ein som lèt seg kjøpa med gåver, legg det i øyde.
5Den som smiskar for nesten sin, set eit garn for føtene hans.
6Synda blir ei snare for den som er vond, men den rettferdige kan jubla og gleda seg.
7Den rettferdige kjenner saka til dei fattige, men den urettferdige er utan innsikt.
8Spottarar hissar opp heile byen, dei vise får vreiden til å leggja seg.
9Når den vise har sak mot den dumme, blir det sinne eller latter, men inga ro.
10Dei blodtørste hatar den som er from, men dei rettskafne vil berga livet hans.
11Ein dåre slepper alle sine kjensler ut, den vise held dei att.
12Ein herskar som høyrer på løgn, får berre kjeltringar til tenarar.
13Fattig og undertrykkjar møtest, HERREN gjev begge lys i auga.
14Når ein konge dømmer dei fattige rettferdig, står trona hans fast for alltid.
15Ris og tilrettevising gjev visdom, men ein gut med frie taumar fører skam over mor si.
16Blir dei urettferdige mange, aukar synda, men dei rettferdige får sjå at dei fell.
17Oppdra son din, så gjev han deg ro og fyller deg med glede.
18Utan openberring fer folket vill, sæl er den som held lova.
19Ein slave lèt seg ikkje oppdra med ord, han forstår dei nok, men bryr seg ikkje.
20Ser du ein mann som er snar når han talar — det er større håp for dåren enn for han.
21Skjemmer ein slaven sin bort frå han er ung, endar det med at han blir ulydig.
22Den snarsinte valdar trette, den hissige gjer mange feilsteg.
23Hovmod fører menneske til fall, men den audmjuke vinn ære.
24Helaren hatar sitt eige liv, dei tek han i eid, men han vil ikkje vitna.
25Den som er redd menneske, set ei snare for seg sjølv, men den som stolar på HERREN, har eit vern.
26Mange prøver å vinna velvilje hos ein herskar, men eit menneske får sin rett frå HERREN.
27Dei rettferdige avskyr den som gjer urett, dei urettferdige avskyr den som lever rett.