Proverbs 28NO2011NN

1Den urettferdige rømmer om ingen er etter han, den rettferdige er uredd som ei ungløve.

2Eit land i opprør skifter ofte leiarar, men under ein klok og forstandig mann har det ro og orden.

3Ein stormann som undertrykkjer fattige, han er styrtregn som skyl bort brødkornet.

4Dei som går bort frå lova, prisar den urettferdige, dei som held lova, går til strid imot dei.

5Dei vonde skjønar ikkje kva som er rett, men dei som søkjer HERREN, skjønar alt.

6Betre å vera fattig og heil i si ferd enn å vera rik og gå krokvegar.

7Den som held seg etter lova, er ein klok son; den som held lag med fråtsarar, fører skam over far sin.

8Den som aukar sin rikdom ved rente og avgift, samlar til den som tek seg av dei fattige.

9Når nokon vender øyret bort og ikkje vil høyra på lova, blir sjølv bøna hans avskyeleg.

10Den som fører dei rettskafne på vonde vegar, han fell i si eiga grav, men den som er heil, får ein god arv.

11Den rike er vis i eigne auge, ein fattig med innsikt ser kva som bur i han.

12Når dei rettferdige jublar, er det herlegdom og glans; når dei urettferdige får makt, held folk seg borte.

13Den som skjuler syndene sine, skal ikkje lukkast; den som vedkjenner og vender seg frå dei, han finn miskunn.

14Sæl er den som alltid fryktar, men den som gjer hjartet hardt, fell i ulukke.

15Som brølande løve og slagbjørn i sprang er ein urettferdig herskar for eit fattig folk.

16Ein uforstandig fyrste aukar undertrykkinga; den som hatar urett vinning, får leva lenge.

17Den som er tyngd av blodskuld, er på flukt heilt til grava, ingen må hjelpa han.

18Den som er heil i si ferd, blir berga, men den som går krokvegar, fell i grava.

19Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett, den som jagar etter fåfengde ting, skal mettast med fattigdom.

20Den trufaste får stor velsigning, den som vil bli rik i ein fart, skal få si straff.

21Det er gale å gjera skilnad på folk, ein kan gjera seg til brotsmann for ein brødbit.

22Den gjerrige har det travelt med å vinna rikdom, han skjønar ikkje at han kjem til å lida naud.

23Den som viser nokon til rette, får sidan større takk enn den som har ei glatt tunge.

24Den som plyndrar far sin og mor si og seier: «Det er ikkje synd», han er jamgod med øydeleggjaren.

25Den grådige valdar trette, den som stolar på HERREN, blir mett.

26Den som stolar på sitt eige vit, er ein dåre, den som ferdast med visdom, bergar seg.

27Den som gjev til dei fattige, lid aldri naud, men den som vender auga bort, blir forbanna av mange.

28Når dei urettferdige får makt, held folk seg borte, når dei går til grunne, blir dei rettferdige mange.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 28.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.