Proverbs 27NO2011NN

1Pris deg ikkje lukkeleg over morgondagen, for du veit ikkje kva han ber i sitt fang.

2Ein annan skal prisa deg lukkeleg, ikkje din eigen munn, ein framand, ikkje dine eigne lepper.

3Steinen er tung, og sand veg mykje, men ein dum som er sint, er tyngre enn begge.

4Harmen er grufull, vreiden er ein flaum, men kven kan stå seg mot sjalusi?

5Betre er open kritikk enn skjult sympati.

6Sår frå ein ven er til å lita på, men fiendens kyss er svikefulle.

7Den mette vrakar den finaste honning, alt beiskt smakar søtt for den svoltne.

8Lik ein fugl som flyg frå reiret, er ein mann som flyg frå heimen.

9Olje og røykjelse gleder hjartet, god venskap styrkjer sjela.

10Gjev ikkje slepp på din ven og på venen til far din; gå ikkje heim til ein bror på ulukkedagen din. Betre med ein nær granne enn ein bror langt borte.

11Bli vis, son min, og gled mitt hjarte, så eg kan svara dei som håner meg.

12Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg, dei vitlause går på og får si straff.

13Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand, ta pant i dei for dei ukjende!

14Når nokon velsignar sin neste med høg røyst tidleg om morgonen, er det å rekna som ei forbanning.

15Som stadig takdrop ein regnvêrsdag, slik er ei trettekjær kvinne.

16Å gøyma henne er som å gøyma vinden eller å gripa olje med handa.

17Jern kvesser jern, og det eine mennesket kvesser det andre.

18Den som passar på fikentreet, får eta frukta; den som tek vare på herren sin, vinn ære.

19Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet, finn det eine menneske sitt hjarte att hos det andre.

20Dødsrike og avgrunn blir aldri mette, og menneskeauga får aldri nok.

21Sølv prøver ein i digelen og gull i smelteomnen, og mannen når han får ros.

22Støyter du den dumme i mortaren og knuser han saman med kornet, går dumskapen likevel ikkje av han.

23Merk deg korleis sauene ser ut, syt vel for buskapen din!

24For rikdom varer ikkje evig. Går eit diadem frå slekt til slekt?

25Når nytt gras kjem til syne etter slåtten og høyet frå fjella er samla inn,

26då har du lam som gjev deg klede, og bukkar til å kjøpa jord for,

27du har geitemjølk nok til å fø deg sjølv og ditt hus og livsopphald for tenestejentene.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.