Proverbs 26NO2011NN

1Som snø om sommaren og regn i innhaustinga, så lite høver ære for dåren.

2Lik sporv og svale som flaksar og flyg, er grunnlaus forbanning, ho råkar ikkje.

3Svepe til hesten, taum til eselet og ris til ryggen på dårar!

4Svar ikkje dåren like dumt som han spør, elles blir du sjølv som han.

5Svar dåren like dumt som han spør, så han ikkje blir vis i eigne auge.

6Den som sender bod med ein dåre, høgg føtene av seg og drikk vald.

7Slappe heng føtene på den lamme og ordtak i munnen på dårar.

8Lik den som legg stein i slyngja, er den som gjev ein dåre ære.

9Lik ei tornegrein i handa på ein drankar er eit ordtak i munnen på dårar.

10Lik ein bogeskyttar som sårar kvar og ein, er den som leiger ein dåre eller folk som tilfeldigvis går forbi.

11Lik hunden som snur seg til sitt eige spy, er ein dåre som tek opp att sin dårskap.

12Ser du ein mann som er vis i eigne auge? Det er større håp for dåren enn for han.

13Den late seier: «Det er eit villdyr på vegen, ei løve på torget!»

14Døra svingar på gjenga, den late snur seg i senga.

15Den late stikk handa i fatet, men gidd ikkje ta henne til munnen.

16Den late er visare i eigne auge enn sju som gjev kloke svar.

17Lik ein som tek tak i øyra på ein hund, er den som kjem forbi og ryk opp i sinne for ei trette som ikkje kjem han ved.

18Lik ein galning som skyt brennande og dødelege piler,

19er den som har svike ein ven og seier: «Det var berre ein spøk.»

20Er det slutt på veden, sloknar elden; når baktalaren er borte, stilnar tretta.

21Det trengst kol til glør og ved til eld og trettekjær mann til å skapa strid.

22Ord frå ein baktalar er som lekre retter, dei glid ned i magen.

23Som ureint sølv utanpå eit leirkar er sleipe lepper og eit vondt hjarte.

24Ein fiende skaper seg til med leppene, men inni seg ber han på svik.

25Gjer han røysta blid, så tru han ikkje, for sju avskyelege ting har han i hjartet.

26Om han skjuler hatet med list, kjem vondskapen fram når folket samlast.

27Den som grev ei grav, fell sjølv nedi, den som rullar ein stein, får han over seg.

28Den som talar med falsk tunge, hatar sanning; glatt munn fører til fall.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.