Proverbs 25NO2011NN

1Dette er òg ordtak frå Salomo. Dei er overleverte frå mennene til Juda-kongen Hiskia.

2Det er Guds ære å skjula ei sak, men kongars ære å granska henne.

3Himmelhøgd og jordedjup og kongars hjarte kan ingen granska.

4Skil slagget frå sølvet, så kan sølvsmeden laga ei skål.

5Før den urettferdige bort frå kongen, så skal trona hans tryggjast ved rettferd.

6Du skal ikkje framheva deg sjølv når kongen ser på, stig ikkje fram på plassen til dei store!

7For det er betre at dei seier til deg: «Kom og set deg her oppe!» enn at dei flytter deg ned på grunn av ein stormann. Kva du så ser med eigne auge,

8ver ikkje for snar til å reisa sak. For kva vil du gjera til sist når nesten din fører skam over deg?

9Før berre saka med nesten din, men røp ikkje ein annans løyndomar!

10Elles vil den som høyrer det, klandra deg; ryktet du spreier, kan ikkje kallast tilbake.

11Som eple av gull i eit smykke av sølv er ord ein talar i rette tid.

12Som ein ring av gull, som eit smykke av fint gull er refsingsord frå den vise til ein som vil høyra.

13Som svalande snø når det er tid for å hausta, er eit trufast sendebod for den som sende han, han gjev herren sin nye krefter.

14Lik skyer og vind som ikkje gjev regn, er den som skryter av gåver han ikkje gjev.

15Med tolmod blir hovdingen overtala, ei mild tunge knuser bein.

16Finn du honning, så et ikkje meir enn du treng, elles blir du for mett og må kasta opp.

17Set ikkje for ofte foten i huset til venen din, elles blir han lei av deg og får avsky for deg.

18Som ei klubbe, eit sverd, ei kvass pil er den som vitnar falskt mot nesten.

19Som ei ròten tann, ein vaklande fot er det å stola på ein svikar når nauda kjem.

20Som å kasta kappa ein vinterdag, som å slå eddik på sår er det å syngja for eit sorgfullt hjarte.

21Er fienden din svolten, så lat han få mat, er han tørst, så gjev han vatn å drikka.

22Då samlar du glødande kol på hovudet hans, og HERREN skal løna deg.

23Nordavinden føder regn, baktale føder sinte andlet.

24Betre å bu i ein krok på taket enn å dela hus med trettekjær kvinne.

25Kaldt vatn for den som er sliten, slik er godt nytt frå framandt land.

26Ei grumsete kjelde, ein utskjemd brønn er ein rettferdig som gjev etter for ein urettferdig.

27Å eta for mykje honning er ikkje godt, heller ikkje stendig å trå etter ære!

28Lik ein øydelagd by med nedriven mur er den som ikkje kan styra sitt sinn.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.