1Difor, mine sysken, som eg elskar og lengtar etter, mi glede og min sigerskrans, stå faste i Herren, mine kjære!
2Eg påminner Evodia, og Syntyke like eins: De må bli samde i Herren!
3Og eg bed deg, du som med rette heiter Synzygos, at du må hjelpa desse to. For dei har stridd med meg for evangeliet, saman med Klemens og dei andre medarbeidarane mine, dei som har namna sine skrivne i livsens bok.
4Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!
5Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær.
6Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.
7Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.
8Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det!
9Det som de har lært, og det de har teke imot, det de har sett og det de har høyrt av meg, gjer alt dette — og fredens Gud skal vera med dykk.
10Det gleder meg storleg i Herren at dykkar omsorg for meg no skyt nye skot. De har nok hatt omtanke for meg før òg, men då hadde de ikkje høve til å gjera noko med det.
11Eg seier ikkje dette fordi eg leid naud, for eg har lært å klara meg med det eg har.
12Eg veit kva det er å ha lite, eg veit kva det er å ha overflod. I alt og i alle ting er eg innvigd, å vera mett og vera svolten, å ha overflod og ha for lite.
13Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.
14Likevel gjorde det meg godt at de stod saman med meg då eg var i naud.
15De veit sjølve, filipparar, at i den første tida eg forkynte evangeliet, då eg hadde fare frå Makedonia, var de den einaste forsamlinga som førte rekneskap med meg over gjeve og motteke.
16Alt då eg var i Tessalonika, sende de meg både ein og to gonger det eg trong.
17No er det ikkje gåva eg er ute etter, men frukta av gåva, og den skal rikeleg godskrivast dykk.
18Med dette stadfester eg at alt er motteke, og at eg no har nok. Ja, eg har meir enn nok etter at Epafroditus kom med sendinga frå dykk. Det var som ein god ange, eit offer Gud tek imot med glede.
19Så skal min Gud, som er så rik på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng.
20Vår Gud og Far vere ære i all æve! Amen.
21Hels kvar og ein av dei heilage i Kristus Jesus. Syskena våre som er saman med meg, helsar dykk.
22Og alle dei heilage helsar dykk, mest dei som er i teneste hos keisaren.
23Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!