Colossians 1NO2011NN

1Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, og vår bror Timoteus

2helsar dei heilage i Kolossai, dei truande sysken i Kristus: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far!

3Vi takkar alltid Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, når vi bed for dykk.

4For vi har fått høyra om dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleiken de har til alle dei heilage

5på grunn av det håpet som ventar dykk i himmelen. Det har de alt no fått høyra om gjennom det sanne ordet, evangeliet

6som er kome til dykk. For i heile verda ber evangeliet frukt og breier seg ut. Det har det òg gjort hos dykk, heilt frå den dagen de høyrde det og i sanning fekk læra Guds nåde å kjenna.

7Det var slik de lærte det av Epafras, vår kjære medarbeidar, som er ein trufast Kristi tenar for dykk.

8Han har òg fortalt oss om den kjærleiken de har i Anden.

9Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og innsikt som Anden gjev,

10så de kan leva eit liv som er Herren verdig, og vera heilt og fullt til glede for han, bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud.

11De skal styrkjast av krafta frå hans herlegdom, så de alltid er uthaldande og tolmodige. Og med glede

12skal de takka Far, som gjorde dykk i stand til å få del i den arven dei heilage får i lyset.

13For han har fria oss ut frå mørkrets makt og ført oss over i riket til Sonen, som han elskar.

14I han er vi frikjøpte og har fått tilgjeving for syndene.

15Han er biletet av den usynlege Gud, den førstefødde før alt det skapte.

16For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, troner og herredøme, makter og åndskrefter — ved han og til han er alt skapt.

17Han er før alt, og i han blir alt halde saman.

18Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja. Han er opphavet, den førstefødde frå dei døde, så han i eitt og alt skal vera den fremste.

19For i han ville Gud la heile sin fylde bu,

20og ved han ville Gud forsona alt med seg, det som er i himmelen, og det som er på jorda, då han skapte fred ved hans blod på krossen.

21De òg var ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke med dei vonde gjerningane dykkar.

22Men no har han forsona dykk med seg, då Kristus leid døden i sin kropp av kjøt og blod. Heilage, uklanderlege og utan feil ville han stilla dykk fram for seg,

23så sant de blir ståande i trua, grunnfeste og støe, og ikkje lèt dykk riva bort frå håpet i evangeliet, det som de har høyrt. Det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.

24No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja.

25Hennar tenar har eg vorte fordi Gud gav meg oppgåva som forvaltar hos dykk: å fullføra tenesta med Guds ord,

26det mysteriet som har vore løynt gjennom alle tider og for alle slekter, men som no er openberra for hans heilage.

27Gud ville kunngjera for dei kor rikt på herlegdom dette mysteriet er for folkeslaga: Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen!

28Det er han vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus.

29For å nå dette målet arbeider og kjempar eg i hans kraft, som verkar i meg med styrke.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Colossians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.