Colossians 2NO2011NN

1Eg vil de skal vita kor hardt eg strider for dykk og for dei i Laodikea, og for alle dei andre som ikkje har møtt meg andlet til andlet.

2Eg ønskjer at dei må få nytt mot i hjartet, bli knytte saman i kjærleik og nå fram til heile rikdomen av overtyding og innsikt, så dei kan fatta Guds mysterium, som er Kristus.

3For i han ligg alle skattar av visdom og kunnskap gøymde.

4Dette seier eg for at ingen skal lura dykk med lokkande talemåtar.

5For sjølv om eg ikkje er hos dykk med kroppen, er eg hos dykk i ånda, og eg ser med glede den gode orden som rår hos dykk, og kor faste de er i trua på Kristus.

6Når de har teke imot Kristus Jesus som Herre, så lev då i han,

7rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i den trua de er opplærte i, og lat dykkar takk fløyma!

8Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.

9For i hans kropp bur heile guddomsfylden,

10og i han, som er hovudet for alle makter og åndskrefter, har de fått denne fylden.

11I han vart de òg omskorne, men ikkje av menneskehender. De vart omskorne med Kristi omskjering då de la av den kroppen som kjøtet har makta over.

12For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde.

13De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar.

14Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen.

15Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

16Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar.

17Dette er berre skuggen av det som skulle koma, men kroppen høyrer Kristus til.

18Lat ikkje dei som vil driva med sjølvfornekting og engledyrking, røva sigersprisen frå dykk. Dei går heilt opp i sine eigne syn, og utan grunn blæs dei seg opp av tankar som kjem frå deira eige kjøt og blod,

19og held ikkje fast på han som er hovudet. Ut frå han veks heile kroppen med ein vokster som er av Gud, og blir halden oppe og bunden saman av alle sener og band.

20Når de med Kristus har døydd bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då leva slik ein gjer i verda, og følgja bod som

21«ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»?

22Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er meinte til å brukast og gå til grunne.

23Rett nok har slikt ord på seg for å vera visdom, både sjølvlaga gudsdyrking, sjølvfornekting og mishandling av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera kjøtet vårt til lags.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Colossians 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.