1Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand.
2Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.
3For de er døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.
4Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
5Så lat det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst, og trongen til alltid å eiga meir, som ikkje er anna enn avgudsdyrking.
6Alt dette gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.
7Mellom dei var de òg, den gongen de levde i dette.
8Men no må de leggja av alt dette: sinne, raseri, vondskap, spott og rått snakk.
9Og lyg ikkje for kvarandre! For de har kledd av dykk det gamle mennesket med dei gjerningar som høyrer det til,
10og ikledd dykk det nye mennesket, som blir fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.
11Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, barbar, skytar, slave eller fri. Nei, Kristus er alt og i alle.
12De er Guds utvalde, heilage og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige,
13så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.
14Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen.
15Lat Kristi fred rå i hjartet dykkar, for til det vart de kalla då de vart éin kropp. Og ver takksame!
16Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjarta!
17Og alt de gjer, i ord og gjerning, skal de gjera i Herren Jesu namn og ved han takka Gud, vår Far.
18Kvinner, underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg i Herren.
19Menn, elsk konene dykkar og ver ikkje harde mot dei.
20Born, ver lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til glede i Herren.
21Foreldre, ver ikkje så strenge mot borna dykkar at dei mistar motet.
22Slavar, lyd dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarte, i ærefrykt for Herren.
23Alt arbeid skal de gjera heilhjarta, for det er Herren og ikkje menneske de tener.
24For de veit at de skal få arven som løn av Herren. Kristus er den herren de skal tena.
25Men den som gjer urett, skal få den løn han fortener. Her er det ikkje forskjell på folk.