Colossians 4NO2011NN

1De som er herrar, far rett og rimeleg fram mot slavane dykkar, for de veit at de òg har ein herre i himmelen.

2Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud!

3Be for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for.

4Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent.

5Gå fram med visdom mellom dei som står utanfor, og bruk den dyrebare tida godt.

6Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.

7Tykikos kjem til å fortelja dykk alt om korleis eg har det. Han er ein elska bror og ein trufast tenar og medarbeidar i Herren.

8Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal trøysta hjarta dykkar.

9Saman med han sender eg Onesimos, vår trufaste og elska bror, som er ein av dykkar eigne. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå.

10Aristarkos, som er i fengsel saman med meg, helsar dykk; det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. Han har de fått bod om tidlegare. Om han kjem, så ta vel imot han.

11Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse er dei einaste omskorne som saman med meg har arbeidd for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg.

12Epafras, som er ein av dykkar eigne, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan bli ståande, fullmogne og fullt overtydde om heile Guds vilje.

13Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei som er i Laodikea og Hierapolis.

14Den kjære Lukas, legen, helsar dykk, like eins Demas.

15Hels syskena i Laodikea, og Nymfa og forsamlinga som kjem saman i hennar hus.

16Når dette brevet er opplese hos dykk, skal de sørgja for at det òg blir opplese i forsamlinga i Laodikea, og at brevet frå Laodikea blir opplese hos dykk.

17Sei til Arkippos: Sjå til at du fullfører den tenesta du har fått for Herren.

18Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. Gløym ikkje lenkjene mine! Nåden vere med dykk!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Colossians 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.