1Paulus, Silvanus og Timoteus helsar forsamlinga i Tessalonika, i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. Nåde og fred vere med dykk!
2Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre.
3For vår Gud og Fars andlet hugsar vi stadig korleis trua dykkar viser seg i gjerning, kjærleiken i arbeid og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod.
4De er elska av Gud, sysken, og vi veit at de er utvalde.
5For då evangeliet kom til dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den heilage ande og med full overtyding. De veit kva vi gjorde hos dykk, for dykkar skuld.
6Og de etterlikna oss, ja, de etterlikna Herren sjølv, då de under hard motgang tok imot Ordet med den glede som Den heilage ande gjev.
7Slik vart de eit føredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.
8For frå dykk har Herrens ord fått lyda vidt utover. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har dei høyrt om dykkar tru på Gud, så den treng ikkje vi seia noko om.
9Dei fortel sjølve kva mottaking vi fekk hos dykk, korleis de vende om til Gud frå avgudane for å tena den levande, sanne Gud
10og venta på hans Son frå himmelen, han som Gud reiste opp frå dei døde, Jesus, som bergar oss frå den komande vreiden.