1 Thessalonians 2NO2011NN

1De veit sjølve, sysken, at det ikkje var fåfengt at de tok imot oss.

2Endå vi, som de veit, nett hadde lide vondt og vorte mishandla i Filippi, fekk vi i vår Gud frimod til å tala Guds evangelium til dykk, endå det var hard motstand.

3Det ligg ikkje villfaring bak forkynninga vår, heller ikkje ureine motiv, og vi fer ikkje med svik.

4Nei, vi har vorte prøvde av Gud og er tiltrudde evangeliet. Difor talar vi som vi gjer, ikkje for å gjera menneske til lags, men Gud, han som prøver hjarta våre.

5For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om eiga vinning. Gud er vårt vitne.

6Vi søkte ikkje ære hos menneske, verken hos dykk eller andre,

7endå vi som Kristi apostlar kunne ha vore myndige. I staden var vi som spedborn mellom dykk, som når ei amme steller med sine eigne born,

8slik hadde vi vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss.

9For de hugsar, sysken, kva slit og strev vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samtidig arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.

10De kan vitna, og Gud like eins, at vi har ferdast mellom dykk truande på heilagt, ærleg og ulasteleg vis.

11De veit òg at vi var som ein far mot borna sine mot kvar og ein av dykk:

12Vi formana, oppmoda og bad dykk inderleg at de skulle ferdast slik det er verdig for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.

13Difor takkar vi stadig Gud, for då de fekk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dykk, tok de imot det — ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er. Dette ordet verkar med kraft i dykk som trur.

14For de, sysken, har etterlikna Guds forsamlingar i Judea, dei som er i Kristus Jesus. De har måtta tola det same av dykkar landsmenn som dei har måtta tola av jødane,

15dei som drap Herren Jesus og profetane og forfølgde oss. Dei er ikkje til glede for Gud og står alle menneske imot.

16For dei hindrar oss i å tala til heidningane så dei kan bli frelste, og slik fyller dei opp med synd på synd. Men til sist har vreiden nådd dei.

17Ei lita stund, sysken, var vi skilde frå dykk, som born frå foreldra sine. De var ute av auga, men ikkje av hjartet. Men vi lengta etter dykk og fekk meir og meir lyst til å sjå dykk andlet til andlet,

18og difor ville vi koma til dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to gonger, men Satan hindra oss.

19For kven skal vera vår von, vår glede og vår sigerskrans om ikkje de, den dagen vår Herre Jesus kjem og vi står for hans andlet?

20Ja, de er vår ære og vår glede!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Thessalonians 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.