1 Thessalonians 3NO2011NN

1Då vi ikkje kunne halda dette ut lenger, ville vi heller vera att åleine i Aten,

2og vi sende Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk,

3så ingen skulle vakla under denne motgangen. For de veit sjølve at dette er lagt på oss.

4Då vi var hos dykk, sa vi på førehand at vi kom til å møta motgang, og som de veit, gjekk det slik.

5Og fordi eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad for å få vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greidd å freista dykk så arbeidet vårt var nyttelaust.

6Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med godt nytt om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid minnest oss med glede og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk.

7Slik har vi no, sysken, vorte trøysta ved dykkar tru i all vår motgang og naud.

8Og no lever vi, når de står faste i Herren.

9Korleis kan vi så takka Gud for dykk som vi burde, takka for all den gleda som fyller oss for Guds andlet, den gleda som de har gjeve oss?

10Natt og dag bed vi inderleg om å få sjå dykk att, andlet til andlet, og bøta på det som enno manglar i trua dykkar.

11Må Gud sjølv, vår Far, og Jesus, vår Herre, styra vår veg til dykk!

12Og måtte Herren la dykkar kjærleik til kvarandre og til alle menneske få veksa og bli overstrøymande rik, slik som vår kjærleik til dykk!

13Slik skal han styrkja hjarta dykkar, så de skal stå ulastelege og heilage for Gud, vår Far, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage. {{Amen.}}

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Thessalonians 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.