Philippians 3NO2011NN

1Og så, mine sysken: Gled dykk i Herren! Eg blir ikkje trøytt av å skriva det på nytt, og det skal gjera dykk trygge.

2Hald auge med hundane, hald auge med dei vonde arbeidarane, hald auge med dei som skamskjer seg.

3For det er vi som er dei omskorne. Vi gjer teneste ved Guds Ande, vi er stolte i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til det ytre.

4Eg har rett nok mykje å setja mi lit til, ytre sett. Om nokon meiner han kan lita på det ytre, kan eg det endå meir.

5Eg er omskoren åttande dagen, eg er av Israels folk og Benjamins stamme, hebrear av hebrearar, lovlydig farisear,

6brennande ivrig forfølgjar av kyrkja og ulasteleg i rettferd etter lova.

7Men alt dette eg såg som vinning, det reknar eg no for Kristi skuld som tap.

8Ja, eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt: å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus

9og bli funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som lova gjev, men med den rettferda vi får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud, bygd på trua.

10Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og blir lik han ved at eg døyr som han

11— om eg berre kunne nå fram til oppstoda frå dei døde!

12Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus.

13Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor,

14og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.

15Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nådd fram til mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud òg openberra dette for dykk.

16Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

17Følg føredømet mitt, sysken, og sjå opp til dei som lever etter det førebiletet de har i oss.

18For som eg har sagt dykk mange gonger før, og no seier med tårer i auga: Mange lever som fiendar av Kristi kross.

19Fortaping blir utgangen deira, magen er guden deira, i skam set dei si ære, og dei søkjer berre det jordiske.

20Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi frelsaren, Herren Jesus Kristus.

21Han skal omskapa denne veike og skrøpelege kroppen vår og gjera han lik den kroppen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Philippians 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.