Philippians 2NO2011NN

1Om det no er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden, om det finst medkjensle og miskunn,

2så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinn.

3Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve.

4Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre.

5Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!

6Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik,

7men gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske,

8fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.

9Difor har òg Gud opphøgd han til det høgste og gjeve han namnet over alle namn.

10I Jesu namn skal difor kvart kne bøya seg, i himmelen, på jorda og under jorda,

11og kvar tunge vedkjenna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!

12Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt.

13For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.

14Gjer alt utan murring og misnøye,

15så de kan vera lytefrie og reine, Guds ulastelege born midt i ei vrang og villfaren slekt. Mellom dei skin de som stjerner på nattehimmelen

16når de held fast på livsens ord, og då skal eg få den ros på Kristi dag at løpet mitt og strevet mitt ikkje har vore bortkasta.

17Ja, om så eg sjølv skal ofrast når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer, er eg likevel glad og gleder meg saman med dykk alle.

18Like eins skal de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.

19I Herren Jesus har eg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg òg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk.

20Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsorg for dykk.

21Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje Jesu Kristi sak.

22Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har arbeidd for evangeliet saman med meg, slik ein son hjelper far sin.

23Eg vonar eg kan senda han til dykk så snart eg ser korleis det går med saka mi,

24men i Herren veit eg at eg snart skal koma sjølv.

25Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus tilbake til dykk. Han er min bror og medarbeidar og stridskamerat, og han var dykkar utsending som skulle hjelpa meg med det eg trong.

26Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk.

27Han var alvorleg sjuk, ja, døden nær. Men Gud miskunna seg over han, ja, ikkje berre over han, men òg over meg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg.

28Difor var det endå viktigare for meg å senda han til dykk, så de kan gleda dykk over å sjå han att og eg kan ha ei sorg mindre.

29Ta imot han i Herrens namn med inderleg glede, og hald slike som han høgt i ære.

30Det var i arbeidet for Kristus han var døden nær; han våga livet for å gje meg det som mangla i den hjelpa eg fekk frå dykk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Philippians 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.