1Ve meg! Det er som når frukta er plukka og vinhausten er over: ikkje ei drue å eta, ikkje ein fiken eg har lyst på.
2Dei trugne er borte frå landet, det finst ingen rettvis blant folk. Alle ligg på lur etter blod, kvar ein vil fanga sin neste i garnet.
3Hendene er gode til å gjera vondt. Hovdingen krev inn, dommaren vil ha betaling, storkaren seier kva han vil ha, og slik snur dei om på alt.
4Den beste av dei er som ein klungerbusk, den ærlegaste verre enn eit klungerkratt. Vaktmennenes dag er komen, rekneskapsdagen. No er forvirringa der.
5Tru ikkje på ein kjenning, stol ikkje på ein ven! For henne som ligg i famnen din, må du vakta din munns dører!
6For ein son vanvørder far sin, ei dotter set seg opp mot mor si, ei svigerdotter mot svigermor si, ein manns husfolk er fiendane hans.
7Men eg vil skoda etter HERREN, venta på Gud, min frelsar. Min Gud vil høyra meg!
8Gled deg ikkje over meg, min fiende! For om eg fell, skal eg reisa meg att. Sit eg i mørkret, er HERREN lys for meg.
9HERRENS vreide må eg bera fordi eg har synda mot han, inntil han fører mi sak og skaffar meg rett. Han skal føra meg ut i lyset, og eg skal sjå hans rettferd.
10Fienden min skal sjå det, og skam skal dekkja henne som sa til meg: «Kvar er HERREN din Gud?» No blir ho trakka ned som søle i gatene medan auga mine ser på.
11Ein dag skal murane dine byggjast opp, den dagen skal grensene vidast ut.
12Den dagen skal dei koma til deg frå Assur og Egypt, frå Egypt og Eufrat, frå hav til hav og frå fjell til fjell.
13Og jorda skal bli til øydemark, det er dei som bur der si skuld. Det er frukt av gjerningane deira.
14Gjet ditt folk med staven din. Sauene du eig, ligg åleine i villmarka, midt i det fruktbare landet. Lat dei beita i Basan og Gilead slik som i gamle dagar.
15Eg vil visa han underverk som den gongen du drog ut frå Egypt.
16Folka skal sjå det og skamma seg, endå så mektige dei er. Dei skal leggja handa på munnen, og øyra deira skal bli døve.
17Dei skal slikka støv som ormen, lik dei som kryp på jorda! Frå sine skjul skal dei koma skjelvande fram for HERREN vår Gud. Dei skal gripast av redsle og frykt for deg.
18Kven er ein Gud som du, ein som tek bort skuld og tilgjev synd for den resten han eig? Han held ikkje evig fast på vreiden, for han vil gjerne visa miskunn.
19Herren skal igjen visa miskunn mot oss og trø vår skuld under fot. Du skal kasta alle syndene våre ned i havsens djup.
20Du vil visa truskap mot Jakob og miskunn mot Abraham, slik du med eid lova fedrane våre i dei eldgamle dagane.