Micah 6NO2011NN

1Høyr kva HERREN seier: Reis deg, før di sak for fjella, lat haugane høyra di røyst!

2Høyr HERRENS klage, de fjell og de faste grunnvollar på jorda! For HERREN klagar sitt folk, han går i rette med Israel.

3Mitt folk, kva har eg gjort deg? Kva har eg trøytta deg med? Svar meg!

4For eg førte deg opp frå Egypt og fria deg ut frå slavehuset. Eg sende Moses, Aron og Mirjam i spissen for deg.

5Mitt folk, hugs planane kong Balak av Moab hadde, og svaret han fekk av Bileam, son til Beor, på vegen frå Sjittim til Gilgal, så du kan skjøna HERRENS frelsesgjerningar.

6Kva skal eg koma fram for HERREN med når eg bøyer meg for Gud i det høge? Skal eg koma til han med brennoffer, med årsgamle kalvar?

7Bryr HERREN seg om tusenvis av vêrar, titusenvis av oljebekker? Skal eg ofra min førstefødde for mitt brot, mi livsfrukt for mi sjels synd?

8Han har kunngjort for deg, menneske, kva godt er. Og kva krev HERREN av deg? Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.

9HERRENS røyst ropar til byen, og det er visdom å frykta ditt namn. Høyr, du stamme og forsamling!

10Finst framleis urettens skattar i huset til den urettferdige og eit forfalska, forbanna efa-mål?

11Kan eg vera rein med urett vekt og falske vektlodd i pungen?

12Dei rike i byen øver vald, innbyggjarane der fer med løgn, ei svikefull tunge har dei i munnen.

13Så skal då eg òg byrja å slå deg, øydeleggja deg for dine synder.

14Du skal eta og ikkje bli mett, tom skal du kjenna deg. Den du tek til side, kan du likevel ikkje berga, og den du bergar, gjev eg til sverdet.

15Du skal så, men ikkje hausta, pressa oliven, men ikkje salva deg med olje, pressa druer, men ikkje drikka ny vin.

16Du har halde Omris forskrifter og handla som Ahabs hus. Etter deira råd har de vandra. Difor skal eg overgje deg til øydelegging og innbyggjarane dine til spott. Vanæra til folket mitt må de bera.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Micah 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.