1Du, Betlehem, Efrata, minst mellom slektene i Juda! Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma. Hans opphav er frå gammal tid, frå eldgamle dagar.
2Difor skal han overgje dei, heilt til tida er komen då ho som skal føda, har fødd. Då skal resten av brørne hans koma tilbake til Israels born.
3Han skal stå og gjeta i HERRENS kraft, i HERREN sin Guds høge namn. Og dei skal bu trygt, for no rekk hans makt til endane av jorda.
4Og han skal vera fred. Når assyrarane kjem inn i landet vårt og trakkar inn i borgene våre, då reiser vi imot dei sju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.
5Dei skal gjeta Assurs land med sverd, ja, Nimrods land med dregne våpen. Men når assyrarane kjem inn i landet vårt og trakkar over grensene våre, skal han berga oss.
6Då skal Jakobs rest blant talrike folkeslag vera som dogg frå HERREN, som regn på graset. Dei ventar ikkje på nokon mann, set ikkje si von til menneske.
7Då skal Jakobs rest blant folka, midt iblant talrike folkeslag, vera som ei løve blant dyra i skogen, som ei ungløve i saueflokkar. Ho fer fram og trakkar ned, ho riv i hel, og ingen bergar.
8Lyft handa di mot dei som står deg imot, så alle dine fiendar blir utrydda!
9Den dagen, seier HERREN, vil eg utrydda hestane du har, og øydeleggja vognene dine.
10Eg vil utsletta byane i landet ditt og riva ned alle festningane dine.
11Eg vil utrydda trolldomskunstene du driv med, og teikntydarar skal du ikkje lenger ha.
12Eg vil utrydda gudebileta og steinstøttene du har. Du skal ikkje lenger tilbe noko hendene dine har laga.
13Eg vil riva opp Asjera-pålane som er hos deg, og leggja byane dine aude.
14Eg vil ta hemn i vreide og harme over folkeslag som ikkje vil høyra.