Micah 4NO2011NN

1I dei siste dagar skal det skje at HERRENS tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal folkeslag strøyma.

2Mange folk skal dra av garde og seia: «Kom, lat oss fara opp til HERRENS fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar og vi kan ferdast på hans stigar. For lov skal gå ut frå Sion, HERRENS ord frå Jerusalem.»

3Han skal dømma mellom mange folk, skifta rett for mektige folkeslag, òg for dei som er langt borte. Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig.

4Men kvar og ein skal sitja under sin vinstokk og sitt fikentre, ingen skal skremma dei. For HERREN over hærskarane har tala.

5Kvart folkeslag vandrar i sin eigen guds namn, men vi skal vandra i HERREN vår Guds namn evig og alltid.

6På den dagen, seier HERREN, vil eg samla dei haltande, sanka saman dei fordrivne og dei eg har fare ille med.

7Dei haltande gjer eg til ein rest, dei bortdrivne til eit mektig folk. HERREN skal vera konge over dei på Sions berg frå no og til evig tid.

8Og du gjetartårn, du dotter Sions vakthaug, til deg skal det koma, herreveldet du ein gong hadde, Jerusalems dotters kongsmakt.

9Men no, kvifor skrik du så høgt? Er det ingen konge hos deg? Er rådgjevaren din komen bort sidan rier tek deg som hos ei kvinne som skal føda?

10Skrik ut i rier som ei fødande kvinne, dotter Sion! For no må du forlata byen og bu ute på marka. Du skal koma til Babel, men der blir du berga. Der vil HERREN løysa deg ut or handa på fiendane dine.

11Men no har mange folkeslag samla seg mot deg. Dei seier: «Lat Sion vanhelgast framfor våre auge.»

12Men dei kjenner ikkje HERRENS tankar og skjønar ikkje hans plan: å samla dei som kornaks til tresking.

13Stå opp og tresk, du dotter Sion! For eg vil gje deg horn av jern, eg vil gje deg klauver av bronse, og du skal knusa mange folk. Du skal vigsla byttet deira til HERREN, rikdomen deira til herren over all jorda.

14No, risp deg opp, du opprispa dotter! Dei har kringsett oss. Med stav slår dei Israels dommar i andletet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Micah 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.