Micah 3NO2011NN

1Eg sa: Høyr, Jakobs hovdingar, de leiarar i Israels hus! Var det ikkje de som skulle kjenna retten?

2Men de hatar det gode og elskar det vonde. De riv huda av folk og kjøtet av beina deira.

3Dei et kjøtet av folket mitt, huda flår dei av dei, og beina deira knuser dei. Dei breier det ut som i ei gryte, som kjøtet i ein kjel.

4Når dei så ropar til HERREN, svarar han dei ikkje. På den tid skal han løyna andletet for dei, for dei har gjort vonde gjerningar.

5Så seier HERREN om dei profetane som fører folket mitt vill, som ropar «fred» berre dei får noko å tyggja på, men lyser heilag krig mot dei som ikkje gjev dei munnen full:

6Difor skal det bli natt for dykk — utan syn, og mørker — utan spådom. Sola skal gå ned for profetane og dagen formørkjast omkring dei.

7Då skal sjåarane bli til skamme og spåmennene til spott. Alle skal dei løyna skjegget, for det kjem ikkje svar frå Gud.

8Eg, derimot, er full av styrke ved HERRENS ande, av rett og kraft, så eg kan tala til Jakob om hans brot, til Israel om hans synd.

9Høyr dette, de hovdingar i Jakobs hus, de leiarar i Israels hus, de som avskyr rettferd og krøkjer det som er rett,

10som byggjer Sion med blod og Jerusalem med urett!

11Hovdingane hennar dømmer for betaling, prestane tek løn for å undervisa, profetane spår for pengar, og likevel støttar dei seg til HERREN og seier: «Er ikkje HERREN midt iblant oss? Det hender ikkje oss noko vondt.»

12Difor: Sion skal pløyast til åker, Jerusalem skal bli til ruin og tempelberget til haugar dekte av skog.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Micah 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.