Nahum 1NO2011NN

1Bodskap om Ninive. Boka med syna til Nahum frå Elkosj.

2HERREN er ein nidkjær Gud som tek hemn. HERREN tek hemn og er full av harme. HERREN tek hemn over motstandarane, han held fast på vreiden mot fiendane.

3HERREN er sein til vreide, makta hans er stor. HERREN lèt ikkje vera å straffa. Hans veg går gjennom kvervelvind og storm, skyer er støvet under føtene hans.

4Han trugar havet og legg det tørt, alle elvar tørkar han ut. No visnar Basan og Karmel, Libanons blomeprakt visnar bort.

5Fjella skjelv for han, høgdene smeltar. Jorda vik bort for hans andlet, verda og alle som bur der.

6Kven kan stå seg for harmen hans, kven held ut den brennande vreiden? Raseriet hans strøymer fram som eld. Framfor han blir knausane knuste.

7HERREN er god, eit vern på trengselsdagen. Han tek seg av dei som søkjer tilflukt hos han.

8Men med ei veldig flodbølgje knuser han staden der ho låg. Han jagar fiendane sine inn i mørkret.

9Kvifor legg de planar mot HERREN? Han skal knusa dykk heilt. Nauda skal ikkje koma ein gong til.

10Lik tornekratt som er fletta saman, lik drankarar som er drukne, blir dei fortærte som knusktørr halm.

11Frå deg gjekk det ut ein som tenkte ut vondt mot HERREN, ein vondsinna rådgjevar.

12Så seier HERREN: Om dei er aldri så sterke og mange, skal dei likevel hoggast ned og bli borte. Om eg har plaga deg, Juda, skal eg ikkje plaga deg lenger.

13For no bryt eg åket og tek det av deg, lenkjene dine riv eg av.

14Men om deg har HERREN gjeve bod at inga etterslekt skal bera namnet ditt. Eg vil rydda ut or gudshuset ditt både utskorne og støypte gudebilete. Eg gjer i stand ei grav til deg, for du er verdlaus.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Nahum 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.