1Så gjekk han ut i båten, sette over sjøen og kom til sin eigen by.
2Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Ver ved godt mot, son. Syndene dine er tilgjevne.»
3Men nokre av dei skriftlærde sa med seg sjølve: «Denne mannen spottar Gud.»
4Jesus såg kva dei tenkte, og sa: «Kvifor går de med så vonde tankar i hjartet?
5Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’?
6Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» — og no seier han til den lamme: «Stå opp, ta båra di og gå heim!»
7Då reiste mannen seg og gjekk heim.
8Men då folket såg det, vart dei gripne av ærefrykt og lova Gud som hadde gjeve menneske slik makt.
9Derifrå gjekk Jesus vidare og fekk sjå ein mann som sat på tollbua. Han heitte Matteus. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.
10Sidan var Jesus gjest i huset hans. Det kom òg mange tollarar og syndarar og var saman med Jesus og læresveinane hans til bords.
11Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?»
12Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke.
13Gå og lær kva som ligg i dette ordet: Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»
14Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Kvifor fastar ikkje læresveinane dine, medan vi og farisearane fastar ofte?»
15«Kan bryllaupsgjestene sørgja så lenge brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og då skal dei fasta!
16Ingen set ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta blir større.
17Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker, for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker, då held dei seg begge.»
18Medan han tala til dei om dette, kom ein forstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nettopp død, men kom og legg handa di på henne, så får ho leva.»
19Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane følgde.
20No var det ei kvinne der som hadde lide av blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans.
21For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.»
22Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.
23Då Jesus kom heim til forstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han:
24«Gå ut! Jenta er ikkje død, ho søv.» Dei berre lo av han.
25Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp.
26Ordet om dette spreidde seg over heile landsdelen der.
27Då Jesus gjekk derifrå, følgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!»
28Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre», svara dei.
29Då rørte han ved auga deira og sa: «Det skal bli som de trur.»
30Og med ein gong vart auga deira opna. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.»
31Men dei gjekk ut og fortalde om han i heile området der.
32Medan dei var på veg ut, kom det nokre til han med ein mann som var stum og hadde ei vond ånd.
33Då den vonde ånda var driven ut, kunne den stumme tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel!»
34Men farisearane sa: «Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»
35Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage.
36Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar.
37Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.
38Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»