1Så gjekk Jesus ned frå fjellet, og mykje folk følgde han.
2No kom det ein mann som var spedalsk, kasta seg ned for han og sa: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»
3Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same vart han reinsa for sjukdomen sin.
4Då sa Jesus til han: «Sei ikkje dette til nokon, men gå og vis deg for presten og ber fram det offeret som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»
5Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp:
6«Herre», sa han, «tenesteguten min ligg lam heime og har svære plager.»
7Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.»
8«Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.
9For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»
10Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru.
11Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket.
12Men borna av riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»
13Og Jesus sa til offiseren: «Gå! Det skal skje, slik du trudde.» Og tenesteguten vart frisk i same stunda.
14Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at svigermor hans låg og hadde feber.
15Han rørte ved handa hennar. Då gav feberen seg, og ho stod opp og tente han.
16Då det vart kveld, kom dei til han med mange som hadde vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke.
17Slik skulle det oppfyllast, det ordet som er tala gjennom profeten Jesaja: Han tok bort våre plager og bar våre sjukdomar.
18Då Jesus såg så mykje folk omkring seg, gav han bod om å fara over til andre sida av sjøen.
19Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil følgja deg kvar du så går.»
20Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet på.»
21Ein annan, ein av læresveinane, sa til han: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.»
22Men Jesus svara: «Følg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.»
23Han gjekk ut i båten, og læresveinane følgde han.
24Og sjå, det bles opp til storm på sjøen, og bølgjene slo over båten. Men Jesus sov.
25Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels oss! Vi går under!»
26Han svara: «Kvifor er de så redde — de lite truande!» Så reiste han seg og truga vindane og sjøen, og det vart blikande stilt.
27Mennene undra seg og sa: «Kva er dette for ein? Både vind og sjø lyder han!»
28Då Jesus kom over på andre sida, til Gadarenar-landet, kom to som hadde vonde ånder, mot han ut frå gravhòlene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen.
29Dei sette i å ropa: «Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»
30Eit godt stykke derifrå gjekk det ein stor griseflokk og beitte.
31Og dei vonde åndene bad han: «Om du driv oss ut, så send oss inn i griseflokken.»
32«Far av stad!» sa Jesus. Og dei fór ut or mennene og inn i grisene. Då sette heile flokken utfor eit stup og ned i sjøen, og der drukna dei.
33Dei som gjette grisene, rømde og sprang inn til byen. Der fortalde dei alt og sa korleis det hadde gått med dei som hadde hatt vonde ånder.
34Heile byen kom ut for å møta Jesus. Og då dei fekk sjå han, bad dei han fara bort frå bygdene deira.