1Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder og til å lækja all sjukdom og plage.
2Dette er namna på dei tolv apostlane: Først Simon, han som blir kalla Peter, og så Andreas, bror hans, Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans,
3Filip og Bartolomeus, Tomas og tollaren Matteus, Jakob, son til Alfeus, og Taddeus,
4Simon Kananeos og Judas Iskariot, han som sveik han.
5Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei: «Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane!
6Gå heller til dei bortkomne sauene i Israels hus.
7Gå og forkynn: ‘Himmelriket er kome nær!’
8Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine og driv ut vonde ånder! Gjev som gåve det de fekk som gåve.
9Skaff dykk ikkje gull eller sølv eller koparmyntar til å ha i beltet,
10og heller ikkje veske til ferda, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidar er verd maten sin.
11Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verd å ta imot dykk; hos han skal de vera til de fer vidare.
12Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred.
13Er huset verdt det, skal freden koma over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda tilbake til dykk.
14Er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene.
15Sanneleg, eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.
16Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer!
17Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane.
18Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar og vitna for dei og for heidningane.
19Men når dei arresterer dykk, så ver ikkje urolege for korleis de skal ordleggja dykk, eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.
20For det er ikkje de som talar; det er Anden til Far dykkar som talar gjennom dykk.
21Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og senda dei i døden.
22Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, skal bli frelst.
23Men når dei forfølgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, eg seier dykk: De blir ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.
24Ein lærling står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over herren sin.
25Det er nok for ein lærling at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som herren. Har dei kalla husherren for Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?
26Ver ikkje redde dei! For ingenting er dekt til som ikkje skal bli avdekt, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent.
27Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i lyset; det som blir kviskra dykk i øyret, skal de ropa ut frå hustaka.
28Ver ikkje redde dei som drep kroppen, men ikkje kan drepa sjela. Frykt heller han som kan øydeleggja både sjel og kropp i helvete.
29Blir ikkje to sporvar selde for ein skilling? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der.
30Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt.
31Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.
32Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen.
33Men den som fornektar meg for menneska, skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
34Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.
35Eg er komen for å setja skilje: Son mot far, dotter mot mor, svigerdotter mot svigermor,
36og ein manns husfolk skal bli fiendane hans.
37Den som elskar far eller mor meir enn meg, er ikkje verd meg. Den som elskar son eller dotter meir enn meg, er ikkje verd meg.
38Og den som ikkje tek krossen sin og følgjer etter meg, er ikkje verd meg.
39Den som finn livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.
40Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.
41Den som tek imot ein profet fordi han er profet, skal få ein profets løn, og den som tek imot ein rettferdig fordi han er rettferdig, skal få den rettferdiges løn.
42Og den som gjev ein av desse små om det så berre er eit beger kaldt vatn fordi han er læresvein — sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn!»