1Då Jesus hadde fullført talen og sagt det han ville påleggja dei tolv læresveinane sine, drog han derifrå og tok til å undervisa og forkynna kring i byane.
2I fengselet fekk Johannes høyra om alt Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde:
3«Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»
4Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:
5Blinde ser, og lamme går, spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.
6Sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»
7Då dei gjekk bort, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?
8Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i slotta hos kongane.
9Kva gjekk de då ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet!
10Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.
11Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han.
12Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg.
13For heilt til Johannes kom, har alle profetane og lova tala om det som skulle henda.
14Og om de vil ta imot det: Han er den Elia som skulle koma.
15Den som har øyre, høyr!
16Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:
17‘Vi spela på fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song klagesongar, men de ville ikkje sørgja.’
18For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’
19Menneskesonen kom; han et og drikk, og dei seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ — Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hennar.»
20Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi dei ikkje hadde vendt om:
21«Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledd seg i sekk og oske.
22Men det seier eg dykk: På dommedag skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de.
23Og du, Kapernaum — skal du opphøgjast like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag.
24Men det seier eg dykk: På dommedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»
25På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små.
26Ja, Far, for dette var din gode vilje.
27Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!
29Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel.
30For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»