Matthew 4NO2011NN

1Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han.

2Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han.

3Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!»

4Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn. »

5Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren

6og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om deg. Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein. »

7Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve. »

8Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom

9og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.»

10Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena. »

11Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.

12Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han tilbake til Galilea.

13Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen, i Sebulons og Naftalis land.

14Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:

15Sebulons og Naftalis land, ved vegen til havet, bortanfor Jordan, heidningars Galilea,

16det folket som bur i mørker, har sett eit stort lys, over dei som bur i dødsskuggens land, har lyset stråla fram.

17Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»

18Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som blir kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen, for dei var fiskarar.

19Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»

20Med ein gong gjekk dei ifrå garna sine og følgde han.

21Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte garna. Jesus kalla dei,

22og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og følgde han.

23Sidan fór Jesus omkring i heile Galilea; han underviste i synagogane deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage hos folket.

24Ordet om han spreidde seg over heile Syria, og dei kom til han med alle som hadde vondt og leid av ulike sjukdomar og plager, både dei som hadde vonde ånder, dei månesjuke og dei lamme, og han lækte dei.

25Ei stor folkemengd følgde han, frå Galilea og Dekapolis, frå Jerusalem og Judea og frå bygdene bortanfor Jordan.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Matthew 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.