1På den tid steig døyparen Johannes fram og forkynte i øydemarka i Judea.
2Han sa: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»
3Det er om han profeten Jesaja talar når han seier: Ei røyst ropar i øydemarka: « Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! »
4Johannes hadde ei kappe av kamelhår og lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og villhonning.
5Folket i Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan drog ut til han.
6Og dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.
7Men då han såg at mange av farisearane og saddukearane kom for å bli døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?
8Ber då frukt som viser at de er omvende!
9Og tru ikkje at de kan seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.
10Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.
11Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld.
12Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
13Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han.
14Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?»
15Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville.
16Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.
17Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»