Matthew 15NO2011NN

1Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:

2«Kvifor bryt læresveinane dine overleveringa frå dei gamle? Dei skyl ikkje hendene før dei et.»

3«Og de», svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dykkar eiga overlevering?

4For Gud har sagt: ‘ Æra far din og mor di ’ og: ‘ Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy ’.

5Men de lærer: ‘Den som seier til far sin eller mor si: Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ei gåve til tempelet,

6han treng ikkje heidra far sin {{eller mor si}}.’ Slik har de sett Guds bod til sides av omsyn til dykkar eiga overlevering.

7De hyklarar! Jesaja profeterte rett om dykk då han sa:

8Dette folket ærar meg med leppene, men hjartet er langt borte frå meg.

9Dei dyrkar meg fåfengt, for det dei lærer, er menneskebod. »

10Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå!

11Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»

12Då gjekk læresveinane til han og sa: «Veit du at farisearane vart støytte då dei høyrde dette?»

13Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har planta, skal rivast opp med rot.

14Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde rettleiarar for blinde. Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»

15Då tok Peter til orde og sa: «Forklar denne likninga for oss.»

16«Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus.

17«Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og fer ut dit det skal?

18Men det som går ut av munnen, kjem frå hjartet, og det gjer mennesket ureint.

19For frå hjartet kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott.

20Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta utan å skylja hendene gjer ikkje eit menneske ureint.»

21Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon.

22Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.»

23Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.»

24Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.»

25Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!»

26Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»

27«Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.»

28Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda.

29Då Jesus drog derifrå, tok han vegen langs Galileasjøen, og han gjekk opp i fjellet og sette seg der.

30Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lamme, uføre, blinde og stumme og mange andre, og la dei ned for føtene hans, og han lækte dei.

31Folket undra seg då dei såg stumme tala, uføre bli friske, lamme gå og blinde sjå. Og dei lova Israels Gud.

32Jesus kalla læresveinane til seg og sa: «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Eg vil ikkje la dei fara svoltne heim, for då kunne dei bli heilt utmatta på vegen.»

33Læresveinane svara: «Kvar kan vi få tak i brød her i øydemarka til å metta så mykje folk?»

34«Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei, «og nokre småfiskar.»

35Då bad han folket setja seg på marka.

36Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, og læresveinane gav til folket.

37Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei brødbitane som var til overs, sju store korger.

38Dei som hadde ete, var fire tusen mann, forutan kvinner og born.

39Sidan lét Jesus folket fara heim, og han steig i båten og sette over til området ved Magadan.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Matthew 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.